No er ikkje eg mot fagrørsle sjølv om det kanskje kan sjå slik ut i dette innlegget. Eg er sjølv fagorganisert, og tenker at i desse finanskrisetidar er det ekstra viktig med ei oppegåande fagrørsle. Men eg har inga sympati for dei som står på sitt, som ikkje er villege til å forhandle sjølv om det kan få store konsekvensar for bedrifta.

Dagbladet sliter med økonomien, og i går på eit klubbmøte vart det varsla om permittering og moglege oppleiingar av bl. a. grafikarar i avisa. Sidan har ingen sett dei, grafikarane altså. Aasheim seier at dei har presentert ulike løysingar og kome med mange alternative forslag som grafisk klubb ikkje har villet akseptere.

Utan at eg kjenner til forslaga, så tenkar eg at grafikarane si fagforeining ikkje er kjent for å vere dei som er lettast å samarbeide med. Men dei sitter ikkje lenger i den særstillinga som før, der dei hadde full kontroll om ei avis skulle kome ut eller ikkje.

Kvar gong eg høyrar om grafikarar i arbeidskonflikt tenker eg på «The Battle of Wapping» i London.

 

Litt historie:

Før Margaret Thatcher kom til makta i 1979, var England kjent for si sterke fagrørsle. Før hennar tid  forsvann nesten 600 arbeidsdager pr. tusen arbeidar pr. år i Storbritannia. Thatcher slo hardt ned på fagrørsla, og resultater var at no forsvinner godt under 50 arbeidsdager i året for kvar tusande arbeidar. 

Vel, tilbake til grafikarane. Innføringa av ny teknologi i avisene i 1980 – åra var konfliktfylt bl.a. i England. Fleire Londonaviser hadde i fleire år gått med underskott. Dei meinte at deira einaste sjanse til å overleve var å ta i bruk ny og arbeidsbesparande teknologi, men aviseigarane og det grafiske personalet var ikkje i stand til å verte einig. Etter fleire år med resultatløse forhandlingar mellom typografforbundet og mediemagnaten Rupert Murdoch, som eigde fire av Londons storaviser, valgte Murdoch å bryte forhandlingane i slutten av 1984.

Grafikarane fekk bl.a. tilbod om eit økonomisk oppgjer som deira leiar Brenda Dean var villig til å akseptere. Eit fleirtal av medlemma valgte likevel å streike. Dei krevde garantiar for at ny teknologi ikke ville bli innført, dei ville og ha livsvarig tilsetjing og rett til sjølv å fordele arbeidet.

Mange grafikarar vart som sagt overflødige, men dei kunne likevel ikkje seiast opp. Dei hadde og full kontroll over trykkeriet sitt, og satt med stor makt over avisene. Så resultatet vart hyppige streikar, og når dei ikkje streika, så stempla dei inn, heva løn, for så å gå på pub eller til ein annan jobb for å fordrive tida.

Rupert Murdoch, så seg lei på dette. Og i all løyndom bygde han opp eit nytt avishus i Wapping, kor han kunne starte avisproduksjon utan bruk av grafisk arbeidskraft. Og over natta, i januar 1986, flytta han alle sine aviser, bl.a. The Times, til Wapping. Han tok med seg journalister og kontorpersonell, men etterlot seg grafikarane i Fleet Street. Så der satt dei då, med sitt gamle maskineri.

5500 grafikarar vart arbeidsledige, dei vart erstatta av eit par hundre ufaglærte arbeidarar hovudsakleg henta frå elektrikarforbundet.

Så vert ikkje du kvitt arbeidstakarane dine, så kan du kanskje ta ein Murdoch, og flytte frå dei i staden.