Det har vore ei tragisk hending i dag, der ein mann løp rundt og prøvde å knivstikke folk på Bislett. Det er dessverre ikkje første gong han gjer dette. Politiet klarte heldigvis å stoppe han. Dei kjørte på han fleire gonger, før dei skaut han. Han døde av skadene. Det er ikkje det eg reagerer på, sjølv om det sjølvsagt er trist.

Det eg reagerer på er at omtrent alle aviser viser video / bilete der han blir påkjørt, samt at vi høyrer skota.

Eg tenker tilbake til middelalderen der offentleg henging o.l. var stor underhaldning. Så vidt eg hugser så syntast vi i klassen det var groteskt då vi ein gong lærte om det på skulen, og eg har inntrykk av at vi alle reagerer negativt på offentleg henging i t.d. Iran. (No er det gjerne ikkje berre den offentlege biten vi reagerer på, men, men).

Men er vi ikkje kome lenger, har vi ikkje eit anna menneskesyn i dag? Eller er vi like primitive? Vi høyrer jo om folk som tar fram mobilkameraet ved ulykker, i staden for å hjelpe. At ambulansefolk vert hindra og må bruke tid på å skjerme sterkt såra og kanskje døande menneske frå folk med mobilkamera. Å vere tilskodare til menneske på sitt mest sårbare er tydelegvis like god underhaldning i dag som før.

Det synast eg er trist.