2010 – Drama, komedie, romantikk

Regissør: Michael Patrick King.

Plot: Det er gått to år sidan vi sist har sett jentene. Og alle fire slit no med kvardagslivet. Som eit avbrekk, så vert dei med Samantha på eit pr. oppdrag til Abu Dhabi, og vips så finn dei løysinga på alle problema sine.

Vi får oppleve overdrevne kulturkollisjonar, og vi får raske gjennomganger av ulike tema som t.d. kvinneundertrykking, overgangsalder, homsebryllup, ekteskap, å vere frivillig barnlaus, gjestearbeidarar, kor vanskeleg det er å vere forelder osb.

Kulissene er fantastiske, og kjolene likeså.

Men likevel… Gjesp… dette var ein dørgande keisam film. Det verkar som om filmskaparane prøver å skvise  siste rest ut av det som ein gong var Sex and the City. Men eg veit ikke, eg synast dei har rota seg alt for langt vekk frå konseptet i serien, for mykje er forandra. Nerven er borte. I tillegg prøver dei å gape over alt for mange tema, og det ikkje noko elegant utført.

Filmen er jo eit must for dei som likar og har følgt med på serien Sex and the City. Men eigentleg, her er det berre namnet, outfiten og karakterane igjen. Innhaldet er borte, og filmen har ingenting med serien å gjere.

[rating 2]