2001 – Thriller, drama, mystery

Regissør: David Lynch

Plot: aner ikkje.

Handling: Filmen opner med ein bilulykke i Mulholland Drive. Ei kvinne (Rita/Camille) går i frå staden og tek seg inn i ein tom leil. Samstundes så kjem uskyldige, vakre og talentfulle Betty til by`n og skal prøve seg som skodespelar. Ho har lånt leil. av tanta si, den same leil. som Rita har teke seg inn i. Rita har mista hukommelsen, og saman prøver dei å nøste opp i kven Rita er, og kva som har skjedd. På vegen støter vi på ei tredje jente, ei jente som ikkje er så vellykka som Betty.

Tja, kva kan eg sei. Eg har sett filmen ein gong før, for lenge sidan. Då syntast eg ikkje at den var noko. No når eg såg den for andre gong, såg eg den på andre premissar, eg visste at løysinga ikkje kom av seg sjølv på slutten. Og no opplevde eg den som mykje betre. Men eg tør ikkje påstå at eg forstod filmen.

Elles har eg surfa nettet og funnet eit par forklaringar på filmen, utan at nokon er bekrefta av Lynch sjølv. Men Lynch har lagt ut 10 leietrådar for å forstå filmen. Så kanskje eg vil sjå den ein gong til, i lys av desse forklaringane og leietrådane?

Filmen er bygd opp som eit puslespel, og ein skjønar på slutten at den ikkje er kronologisk lagt opp. Filmen tar seg og god tid, og formidlar mange stemningar. Eg trur dette er filmen sin styrke. Samstundes så ønsker ein seg vidare, for å få svar på dei mange mysteria som dukkar opp under veis.

Eg greier ikkje heilt å bestemme meg for om eg likar den eller ikkje. Men eg trur faktisk at eg vil sjå den endå ein gong, kanske eg då får den til å passe inn i nokre av dei forklaringane som er presentert på nettet?

Så filmen er kanskje ikkje så god første gong, men er du nysgjerrig, så er det nok ein film du vil sjå fleire gongar.

Eg har sett litt rundt på nettet, filmen får for det meste terningkast 5 og 6. Men eg lar førebels stjernekastet stå open.