Svensk Thriller – 2009

Regi: Niels Arden Oplev

menn-som-hater-kvinnerEg trur eg hadde likt filmen svært godt, dersom eg ikkje hadde lest boka først. No vart den heller litt keisam, sidan filmen fulgte boka ganske tett. Eg vart  rett og slett litt skuffa.

Men når det er sagt, så veit eg ikkje heilt kva eg skal klage på heller. Skodespelarane gjorde jobben sin, plottet er bra, det skjer noko heile tida så det burde ha vore underhaldande. Men som sagt, når ein har lest boka, så fell mykje av spaningsmomenta vekk.

Eg vil likevel anbefale  filmen til folk som ikkje har lest bøkene. Historia og karakterane er knallgode.

[rating 4]

([rating 2] = underhaldningsverdi dersom ein har lest bøkene).