Drama – 2008

Regi: Gerald McMorrow

Regi: Kollegaen min hadde sett traileren og trudde det var ein thriller. Det er det altså ikkje, det er ein svært langdryg dramafilm med mykje dødtid. Eg såg vel den først halvtimen utan å skjøne noko som helst, og måtte ein tur inn på nettet for å sjå kva filmen handla om. Det hjalp, men ikkje på opplevinga.

Plottet er som følger:  Fire parallelle historiar, om fire tapte sjelar. Ein ung mann som søker etter drømmedama, ein far som søker etter sonen, ei ung jente som har sjølvmord som eit kunstprosjekt, og ein maskefyr som er ein smule gal. Fire sjebnar som sakte (veldig sakte) nærmar seg kvarandre.

For dei som likar denne type filmar er dette kanskje ein god film. Stemninga i filmen er godt gjennomført som mørk, dyster og mystisk. Ein vert godt kjent med rollefigurane. Men for meg så gav den ingenting, historien vart for grunn. Filmen kjentast berre utroleg lang og keisam å kome seg igjennom.

[rating 2]