Grøsser, thriller – 2009

regi: Jaume Collet-Serra

OrphanYes, då var det på tide med litt filmomtale igjen. Og eg byrjar med The Orphan, ein film eg har sett fram til heilt sidan eg såg omtale om den på Plaintom for nokre månader sidan.

Eg hadde sett for meg ein Omen aktig film, med litt overnaturleg grøss,  det var det ikkje. Så eg er nok overdrevent kritisk, sidan eg vart litt skuffa. Dei har riktignok prøvd å spele på nokre «omeneffekter» – t.d. krittkvit unge med mørkt hår og uutgrunneleg blikk, men det held berre  ikkje.  Likevel, som thriller var filmen faktisk rimeleg god.

Ei tilsynelatande veloppdragen og talentfull jente vert adoptert av ein tilsynelatanda velfungerande familie. Men det tar ikkje lang tid før den veloppdragne jenta øydelegg familieidyllen.

Reint fortellermessig vart det litt tynt i forhold til  mora. At ho skal verte hysterisk over eit f. ord samt ei lita ulykke, det vert for dumt.

Sjølv om det var ein liten overraskelse på slutten, så var filmen svært tradisjonelt oppbygd, Sårbar kvinne som ser alt, men som ikkje vert trudd. Mannen som ikkje veit kva som føregår rundt seg, før det er for seint. Ein unge som ser skummel ut. Og ein skikkeleg jaktscene til slutt. Men i tillegg så spela filmen på forholda mellom barna i familien, noko som ga den ein ekstra dimensjon.

Men til tross for at eg er litt kritisk, så anbefalar eg filmen. Sjølv om den var rimeleg forutsigbar til tider, så var det ein spanande film utan dødtid, og faktisk ganske underhaldande i forhold til mykje av det andre som er ute på markedet for tida. Men ein Omen film var det ikkje:)

[rating 4]