Norsk drama/thriller – 2009

Regi: Arild Østin Ommundsen

Dette er eit klassisk plot der Jonny byrjar som seljar i eit firma, sel sjela si, så går det litt fram og tilbake, og vi lurar på om han tek sjela si tilbake (blir «god» igjen).

Filmen byrjar med at Jonny må gjere eit heller tvilsamt sal for å bevise at han høyrer til i firmaet til Sagen. Vidare må han vise at han gjer absolutt alt for å bli i jobben, noko han og gjer. Men han vert likevel dolka i ryggen av sjefen, Sagen. Samstundes får han vite at broren og Sagen er bitre uvener. Broren har jobba for Sagen tidlegare, og det viste seg at grunna dårleg arbeidsmiljø/luft, så er broren alvorleg sjuk. Dei tidlegare kollegaene hans er enten døde eller døyande. Jonny hjelper broren med å finne dokumentasjon på at Sagen visste at han dreiv ulovleg, at han visste dei tilsette pusta inn farlege gassar. Men gjer Jonny verkeleg dette for broren, eller har han eit anna motiv?

Det var litt irriterande og rotete filming til tider, med flashback som eg ikkje heilt skjønte grunnen til. Kanskje var det for å vise korleis Jonny sleit med kva han skulle velje? Det var og eit par lydspor som var lagt feil i forhold til filminga, kanskje med eit eller anna formål, utan at eg forstod noko av det.

Miljøet som filmen er lagt til verkar for meg svært kunstig og lite realistisk. Men no jobbar eg og dei fleste eg kjenner i såkalla lågtlønsyrke, så kva veit no eg.

Ellers så bygger filmen opp til noko heile vegen, for så å avbryte. Den når liksom aldri heilt opp til kva den lovar.  Men den har eit par flotte naturbilete.

Det er ikkje den verste filmen eg har sett. Den kan kanskje vere spanande i og med at den bygger opp til noko heile tida. Og den var kanskje betre enn den forrige filmen eg såg, «The Men Who Stare at Goats».

Men……, nei, eg trur ikkje eg anbefalar denne filmen vidare. Men eg får vel nemne at eg i utgongspunktet ikkje er så glad i dramafilmer 🙄

[rating 2]