Splatter, komedie – 1992
Regi: Peter Jackson
Kort oppsummering av filmen vert: ekkelt, ekkelt, ekkelt. Eg sleit verkeleg med å sjå på einskilde gonger.
Plot: Kjærleikshistorie med dominerande og sjalu svigermor frå helvetet. Svigermor vert bitt av ein rotteape og moroa kan byrje.
Kor mykje gørr, blod og humor greier ein å presse inn i ein film, neppe meir enn i denne filmen. Dette må vere splattersjangeren si mor.
Veit ikkje heilt kven eg skulle anbefalt denne filmen til. Likevel den er vel verdt å få med seg. Den er så spekka av overdrivelser at den faktisk vert litt fasinerande. Men det vert ei stund til eg skal sjå noko i denne sjangeren igjen.
[rating 4]