Komedie – 2007

son_of_rambow02

Vi møter to gutar frå to heilt forskjellige miljø. Den eine guten, Will, er frå ein familie som er sterkt religiøse og som har forbod mot tv, musikk, vener som kan gje uheldig påverknad osb. Den andre guten er Lee Carter, som har absolutt ingen reglar å forholde seg til. Desse møtast på gongen når dei begge er utvist frå klasseromma sine. Saman finn dei ut at dei skal lage film, «Son of Rambow». Målet er å vinne ein filmkonkurranse på BBC. I tillegg skaper ein fransk utvekslingselev furore.

Dette er ein herleg, søt og morsom film om venskap, savn og kulturkollisjon. Bør sjåast!!