No skal eg inrømme at eg ikkje har lest kronikken, for eg finn den rett og slett ikkje på nett. Eg har berre lest om utsegna i andre sine svar til Hugo Henstein.
Men har han uttala seg slik eg trur, så vert dette feil på så mange plan.
Eg har alltid trudd at valdtekt var eit brottsverk, om man må gjere fleire lovbrot for å kunne gjennomføre valdtekten, så burde dette kome i tillegg. Det verkar rart at dersom ein berre gjer eit brottsverk, nemlig valdtekt, så skal ein straffast mildare enn kva strafferamma seier om dette brottet. Det er slik eg oppattar det Hugo Henstein har uttala.
Så visst du har eit innbrot i heimen, og ingen protesterar til innbrottstjuven, er det då greitt at innbrottstjuven berre har «tatt seg til rette»?
Om du søv, vert bedøva og frastjålet ei nyre. Er det så nøye, så lenge du ikkje visste kva som skjedde? At du har det vondt etterpå, har ingenting å sei.
Og så kan ein og sjølvsagt ta opp menneskesyn, og påfølgande diskusjon om offeret si skuld i hendinga. At om offeret stiller seg sårbar, så er det hennar/han si eiga feil om andre vert kriminelle og forbryt seg mot ho/han? Altså, ein tek ifrå den kriminelle ansvaret og legg skulda over på offeret?