Då er det berre sju vakter igjen før eg er ferdig på Fanafjellet. Eg må sei eg gler meg til å sleppe Fanafjellsvegen på vinterstid. Og det skal bli deilig å kunne ta buss til jobb, og sleppe å køyre stuptrøytt om morgonen.

Men andre ting kjem eg nok til å savne, folka der oppe sjølvsagt, og dyrelivet. Kanskje ikkje akkurat denne krabaten her, men elles har eg observert både mår, rev, hoggorm, mengder av hjort og frosker, og moglegvis ein hare. Men dei er ikkje så flinke til å stille opp til fotografering 😛 Og ettersom det som regel er mørkt når eg forsøker å fotografere dyrelivet her oppe, så må eg ganske tett opp til for at autofokusen på kameraet skal virke ~:> Så eg har ganske mange bilete av bar asfalt, der det stod eit dyr like før, og av diffuse skygger som det umogeleg å sjå kva er for noko.

Men her er ein liten kar som ikkje heilt hadde skjønt at menneske skal ein vere redde for.

Her var det noko godt

.

Hmm, er det noko som skjer, kvifor vart det så lyst?

.

Nei, sikkert ingenting å bry seg om

.

Tilbake til arbeidet

.

På tide å gå heim no

.

.

He, he. Då har eg omsider fått oppdatert bloggen min B-)

Skal prøve å bli litt meir aktiv igjen.