Eg har tidlegare skrive om Bergen Sjøfartsmuseum, som ønsker å undersøke havbotnen utanfor Sørstrand. Og at eg tykkjer at det er riv ruskande galt at ein dugnadsgjeng, som gjer arbeid på land, må betale for utgravingar i sjøen. Men dessverre så ser det ut som at Sjøfartsmuseet vinner i denne omgangen.

Eg har sett gjennom dei dokumenta som ligg tilgjengeleg på nett, og eg kan ikkje sjå at dei vil svare på korleis arbeid på land berørar event. fortidsminne under vann.

Forstå meg rett, eg ville synast at det hadde vore kjempespanande om dei fann noko, og forskingsprosjektet dei held på med: «kartlegging av potensialet for steinalder under vann«, virkar svært interessant. Men eg tykkjer det blir feil å belaste Stiftinga Sørstrand Folkepark for det. Dei planane som dugnadsgjengen bak stiftinga Sørstrand Folkepark har for området er landbasert, og vil difor ikkje røre ved eventuelle kultur/ fortidsminner som ligg i sjøbotnen. I tillegg så består Stiftinga Sørstrand Folkepark, som tidlegare nemnt, av dugnadsfolk som ikkje eig noko i området, og som ikkje har noko økonomisk vinst av området.

Her er samtalane eg har funnet rundt emnet:

Lenke til heile dokumentet:

Vedr. Områdereguleringsplan for Sørstrand/Austvik, Flora kommune. Forholdet til marine kulturminne $ Krav om marinarkeologiske registreringar. Me viser til e$post m/vedlegg oversendt frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Saka har vore til vurdering ved Bergens Sjøfartsmuseum. Søknaden gjeld områdereguleringsplan for Sørstrand/Austvik i Flora kommune. Museet kjenner ikkje til marine kulturminne som kan bli direkte råka av tiltaket. Tiltaksområdet ligger derimot i eit område med potensial for steinalder buplassar ned til 5 m under dagens havnivå. Ved tidligare undersøkingar i nærleika av Florø har Bergens Sjøfartsmuseum avdekka lag med sedimenter på sjøbotnen kor det er eit potensial for buplassar frå steinalder under vatn[1]<outbind://32/#_ftn1>. Potensialet for verna eller automatisk freda kulturminne på sjøbotnen vurderar me derfor for å være til stede. Bergens Sjøfartsmuseum krev som vedkommande myndigheit etter føresegnene ved Lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminne, §§ 9 og 14, undersøkingar av om det kan være skipsfunn eller andre marine eller maritime kulturminne i tiltaksområdet. Etter Kulturminnelovens §§ 9 og 10 har tiltakshavar undersøkingsplikt, samt plikt til å dekke utgiftene til undersøkinga. Me ber tiltakshavar om å ta direkte kontakt med Bergens Sjøfartsmuseum når det gjeld gjennomføring av feltundersøkingane. Museet vil då først utarbeide eit budsjett for registreringane, som me må ha godkjent før feltarbeidet kan gjennomførast. Med vennlig helsing for STIFTELSEN BERGENS SJØFARTSMUSEUM

Lenke til heile dokumentet

Svar frå Sørstrand Folkepark 4.februar 2011

Dei planar som er for området, vil vere landbaserte og vil såleis ikkje røre ved eventuelle forminne som ligg i sjøbotn. Rett nok vil ein i søknaden til reguleringsplan også ta med ein alternativ trasè mot Kystmuseet som viser ei mogeleg bruløysing over Geitholmen og vidare over mange småskjer mot land. Dette er likevel ikkje den mest realistiske løysinga, men skulle den bli vurdert, vil vi sjølvsagt ta kontakt for ei vurdering om utgravingar er naudsynt. Dersom de treng ytterlegare dokumentasjon, vil vi sjølvsagt stå til teneste.

Svar frå Sjøfartsmuseet 9. februar 2011

Ved Bergens Sjøfartsmuseum har vi no sett på plansaken. =20 Vi har kome til at museet vil oppretthalde kravet om ei marinarkeologisk undersøking i medhald av Kulturminnelova sin § 9. Hovedgrunnen er at området inneheld potensial for funn av steinalder under vatn. Området er og såpass stort at det ikkje kan seiast å vere eit mindre, privat tiltak. På oppmoding vil vi utarbeide eit budsjett for for undersøkingane, som vil kunne bli ca. to dagar arbeid pluss reise. Dette kan vi eventuelt kombinere med eit anna feltarbeid, slik at museet ikkje tar betalt for reise den eine vegen. Dette arbeidet kan gjerast i løpet av våren 2011 dersom tiltakshavar godkjenner budsjett og arbeidsomfang.

Svar frå Sørstrand Folkepark 9. februar 2011

 Hei igjen, 

Da føreslår vi at de lagar eit budsjett for dette, og planlegg ei synfaring så snart som mogleleg. Vi er einige i at dette ikkje er eit lite privat tiltak, men vi har samstundes problem med å forstå at eit landbasert prosjekt som dette skal vere ein trussel mot eventuelle forminne i sjøen. Dersom det er det synfaringa skal kontrollere, så bør ikkje kostnadane bli for store.

(men det blei dei)

Ny epost frå Sørstrand Folkepark 11. mai 2011

Har dere fått sett nærmere på områdevurderingen av Sørstrand friområde? Dere skulle lage et budsjett over kostnadene, og oversende det til oss. Vi håper dette kan avklares så raskt som mulig.

Svar frå Sjøfartsmuseet 13. mai 2011

Hei!
Vedlagt sendes et budsjett for marinarkeologisk undersøkelse i området, som vil kunne utgjøre opp til fire dager med opptil fire dagers for- og etterarbeid for prosjektleder. Vi er klar over at dette er mer enn tidligere antydet, men så har vi tatt høyde for størst mulig arbeidsomfang. Det er tross alt teoretisk mulighet for steinalderlokaliteter i vann i området.

Ved rask tilbakemelding kan dette kanskje kombineres med feltarbeid i Havikbotn som begynner i uke 21.

Med vennlig hilsen
for
STIFTELSEN BERGENS SJØFARTSMUSEUM

Og for dei som lurar så kjem heile greia på kr. 127 642. Heile budsjettet finn du her.

Som sagt, dette er det eg har funnet på nett, så det kan vere at einskilde dokumenter manglar. Men eg savner detaljar om lovanvendinga i denne saken, korleis dei begrunner at arbeid på land, skal kunne skade fortidsminna under vann. Når dei skal belaste nokon økonomisk i ein slik størrelsesorden, så burde ein hatt meir innsyn i saka, og ikkje berre bli avfeid med at «dette har vi bestemt».