Eg følte nesten som om eg var med i Alfred Hitchcocks «Fuglene» i dag.   Eg skulle berre ta eit bilete av denne lille krabaten.

Men endene i Florø er tydeleg van med at stopper det folk opp, så er det mat i vente. Og i dag var dei visst ekstra svoltne. Så då eg hadde tatt bileta av gåseanda og snur meg, var det dette synet som møtte meg. Heile andeflokken i vilt kappløp mot meg. Neste gong så får eg heller hugse på å ta med litt brød 🙂