Bergen Sjøfartsmuseum, dette er verkeleg lavmål. Har dokke lyst til å undersøke havbotnen, så må dokke for all del gjere det, den ligg no der og vil ligge der urørt. Men å prøve å laste det økonomiske ansvaret over på ein dugnadsgjeng, det er berre simpelt!

Firdaposten torsdag 20. januar – 2011

No fann eg ikkje noko meir informasjon om saken enn dette, så det er mogleg at eg har missa noko, for dette framstår for meg komplett uforståeleg:

Det ser ut som Bergen Sjøfartsmuseum prøver å melke Sørstrand Folkepark for det dei kan. Sørstrand Folkepark er ei stifting og eit prosjekt som er bygd opp av frivillige. Frivillige som brukar si eiga fritid for å lage noko som kjem heile Florø tilgode. Frivillige som ikkje eig noko av området, og som ikkje har noko økonomisk gevinst på at området vert tilrettelagt for innbyggarane i byen.

Kvifor i alle dagar skal frivillige som driv med dugnadsarbeid på LAND betale for undersøkingar som skal utførast UNDER HAVNIVÅ???? Og attpåtil 5 meter under havnivå????

Det som ligg under havnivå får jo ligge i fred under havnivå, det er ikkje planlagt noko undervannsarbeid.

Er det bruene det er snakk om?

Det er ikkje akkurat London Bridge som er planlagt.

Ja, eg veit eg har vist dette biletet før på bloggen, og om nokon skulle ha sett det (Bergen Sjøfartsmuseum?) og for dei som skulle vere i tvil, (Bergen Sjøfartsmuseum?) dette er IKKJE planen for Sørstrand.

Derimot er det snakk om to små trebruer. Skissene ser slik ut, men det går nok an å lage bruene slik at dei absolutt ikkje forstyrrer havbotnen.

 

Bergen Sjøfartsmuseum – dette blir for dumt.


Vil du vite meir om Sørstrand Folkepark?

Sjekk ut heimesida.