I dag har eg brent av ein heil masse penger :-S , men eg håper det vert verdt det. Eg har visst blitt student igjen, og har i det høve brukt nesten 4000 kroner på skulebøker. (Eg har aldri skjønt kvifor fagbøker aldri faller i pris, dei må alltid vere mykje dyrare enn vanleg skjønnlitteratur). Men, men, eg skal ikkje klage. Eg er berre kjempeglad for at eg har fått plass. Eg hadde ikkje søkt på studiet, men ringte inn for å høyre om dei hadde plass til meg alikavel, og det hadde dei. (Snille NLA). Så i det neste halve året så er det «spesialpedagogiske behov og sakkyndig vurdering» som står på agendaen. Eg gleder meg. Kanskje eg kjem i gong med fagbloggen som eg har tenkt på ei stund:roll:

Elles har eg slitt ein del med ryggen i det siste, men no har eg funnet ut at nok er nok. Eg har tatt ut tre vekers ferie, og den skal brukast til å kome godt igong med trening og eit fornuftig kosthold. Så dette vert ein skikkeleg kickstart på året!! No venter eg berre på å kome til hjå fysio, så håper eg at eg får eit skikkeleg treningsprogram der. I mellomtida er det stepmaskina og treningsbenken min som gjeld. Eg har dessverre ikkje fått gått så mykje ut endå, glatt føre og vond rygg er ikkje den beste kombinasjonen, så eg håper på at snøen snart tar seg ein pause. (helst i eit par år). Det er nok no.

Og så har eg kjøpt meg massasjepute, eg har prøvd den litt i ettermiddag, den var super!!! Den var ikkje så bra som ein massasjestol (eg er fremdeles misunneleg på deg, Monica), men bra nok. Loving it 🙂 Tusen takk for julepresangen, pappa 🙂