Eg kan ikkje sei at det har freista så veldig å kjøpe korkje Ipad eller Galaxy Tab, men det kan kome av at eg frå før har to netbooks og ein ganske avansert mobiltelefon, og difor ikkje heilt klarar å forsvare innkjøp av endå eit «nettleikety» 😛 Og framleis er ikkje spesifikasjonene så frykteleg spanande, men det trur eg vil forandre seg snart.

I mellomtida har bl.a Dell tatt opp kampen mot nyvinningane, og laga ein hybrid mellom laptop og lesebrett. Og sjølv om dei også berre er i startgropa, og produktet framleis manglar ein del, så må eg sei at det ser interessant ut. Og eg trur på sikt, at skulle eg satse på lesebrett, så ville eg nok ha valgt noko ala dette 🙂