Biletet er henta frå «Dailyshite.com«

Var innom Nettavisa ein tur, og då fann eg denne artikkelen om kor lett det er å stele identiteten til folk. Mykje av innhaldet i artikkelen visste eg frå før. Eg synast t.d. at personnummeret er alt for lett tilgjengeleg, så eg skjønar ikkje at det åleine skal kunne brukast til diverse tenester. Nok om det.

Det eg reagerte på er at det er igjen er starta opp ei side som oppgjev fødselsdagen til nesten alle i Noreg og Sverige. Frå før har både skattelistene (Skattelistene på nett inneheldt fødselsdag fram til 2003/04),  telefonkatalogen/Gule sider og Iam måtte gje seg etter massive protestar. Men no ligg altså både fødselsdato og månad på nett igjen, til trass for tydelege signalar frå samfunnet om at det er uønskja. Vil dei aldri gje seg?? Og det eg lurar på, kvifor finn eg ikkje kjeldene deira. Eg vil vite kva for selskap det er som har solgt meg ut >:P

Greitt nok at bl.a. Facebook har gjort at vi ikkje er så reserverte på nett som vi var for berre nokre få år tilbake. Og kanskje vi er meir opne for fødselsdager på nett o.l. når det er gått endå eit par år. Men dette er ingen orsaking for at andre skal kunne legge ut personlege opplysningar om oss. Og framleis vil eg tru at mange sjølv vil kontrollere i kvart fall nokre av opplysningane som skal finnast om oss på nett.

Og så litt på sida: Mindre aktørar, om det er bloggarar, stolte facebookforeldre, idrettslag, skular osb. bør og tenke seg om før dei legg ut bilete og personlege opplysningar om andre folk. For det første så kan det vere ulovleg. Og har det kome ut på nett, kan det vere vanskeleg å fjerne det. For det andre så har folk forskjellige grenser og referanser, og det bør man respektere.

Eit godt døme på kva ein ikkje bør gjere, finn du i artikkelen her. Her er det resultata til eit obligatoriske skuleløp som vart offentleggjort. Her måtte altså elevane delta, dei kunne ikkje velgje det vekk, og resultata vart offentleggjort. Ville ein ha tenkt på å publisere resultata offentleg, med fullt namn, dersom det t.d. var ein obligatorisk matteprøve?