Eller det er vel nesten to veker til, men eg er sååå klar. Nesten ein og ein halv månad friiiii!! Det er kjempetungt å gå på jobb no, særleg fordi eg jobba vel mykje i friperioden min. Men belønninga vert ei veke lenger fri 🙂

Ellers så har vel bloggen min gått for lut og kaldt vann ei stund. Eg har holdt på med ei anna nettside, for Sørstrand Folkepark, så det har tatt opp «bloggetida». Men den byrjar å bli rimeleg bra no. Sjekk ut.

Vidare har eg leika meg med ulike fotoprogram. Berre synd eg ikkje har fått tatt nokre skikkelege bilete. Utroleg kor mykje dårlege foto det er mogleg å ta. Men då er det gøy med fotoprogram som kan gjere dei mest håplause bileta morsomme 🙂

Det programmet eg har brukt lengst, og som eg er heilt avhengig av er PhotoScape. PhotoScape er fin dersom ein vil animere bilete, samt lage montasjar o.l.  Samt at det følger med eit enkelt redigeringsprogram+++. Loving it! Eit program som er eit must, dersom ein har blogg.

Elles så er eg litt hekta på PhotoFiltre for tida. Ein kan lage mange gøye effekter til keisame bilete med det programmet. Det er berre å slå seg laus.

Det siste programmet eg held på å gjere meg kjent med for tida er Paint.Net. Nei, det er ikkje det paint-programmet som følger med maskina, men faktisk eit ganske avansert, gratis bileteredigeringsprogram du finner på nett. Den støtter lag, har ein del effekter og ein heil del andre avanserte verkty. I tillegg går det an å innstallere «plugins», med dei verktya du måtte ønskje. Spanande.

Elles har eg ikkje gjort så mykje i det siste, bortsett frå å jobbe og sove. Eg var ein tur til Florø i friperioden min. Det byrjar å verte nokre veker sidan no. Men eg var kjempeheldig med veret denne gongen og, så det vart tid til både båttur og strandtur.

Sørstrand 17. august – 2010. Bileta er tatt seint på ettermiddag, så fargene er ikkje dei beste.

Min far skuer stolt utover stranda si.

Dagen etterpå var vi på ein liten båttur.


Faderen sin stoltheit



Vi måtte sjølvsagt køyre forbi Sørstrand



Austvik


Verkelege kreative namn: Sørstrand og Austvik (eller østvik, dei vert aldri einig). I Florø har dei og Lilleåsen og Storeåsen, Lillevatnet og Storevatnet, Havreneset og Hesteneset.

Eg prøvde å gå ned på austvika tidlegare på dagen. Det var der vi bada når vi var små. Men no hadde dei «privatisert» heile området, så eg turde ikkje å gå heilt ned. Det såg ut som ein privat hage. Eg veit om fleire som har klaga på dette, så eg tenkte eg ville sjå det sjølv.

Men eg fekk no sett området frå sjøsida. Er glad for at vi har Sørstrand no. Austvika var jo ikkje all verden å skryte av. I kvart fall når ein var van med Hokksanden i Bremanger.


Østvik


Men det er idyllisk i austvika. Eg lurar på korleis det blir dersom planane om bruar frå Kystmuseumet til Sørstrand går i orden.

To gode venner

Elles så prøvde eg å få nokre gode landings og lettebilete av måker, utan hell.

Vi dreiv å køyrde rundt ein flokk med måkar, og verkeleg plaga dei. Men eg skulle nok ha brukt speilrefleksen og ikkje lumixen. Den er litt for lunefull når den tek bilete, og brukar litt for lang tid på å zoome. Den er suveren på zooming når det gjeld motiv langt borte, som står i ro. Men elles så gjev nok speilrefleksen betre bilete. Den er lettare å styre, slik at det vert lettare å fange motivet. Og det var grensar for kor lenge vi kunne plage måkene, så eg er svært lite nøgd med resultatet. Men kva gjer man ikkje når ein sit på nattevakt og lengtar etter ferie. Då må man plage andre med dårlege bilete 🙂

Hmm. Trur eg skal ta «powernap’en» min no. God Natt (:|