Det er ei stund sida eg har skrive i bloggen, eg har hatt fullstendig skrivevegring. Ikkje fordet, det er lite sannsynleg at verda har gått glipp av noko 😆 Ikkje har det skjedd noko særleg i det siste heller.

Feriepengene er brukt opp, og eg kjøpte meg kameraet som eg skreiv om tidlegare, nemleg  i Panasonic Lumix DMC TZ10, berre  svart. Eg er strålande nøgd med kameraet, det har ein fantastisk zoom. Det eg ikkje heilt får til med det, er nærbilete av blomar, innsekt osb. Det nektar å fokusere på det. (Kanskje kameraet har betre smak enn meg?) .

Men, dessverre så passa ikkje den minste fotoveska frå Acme Made til Lumixen. Men eg skal nok alltid finne bruk for den.

Den største veska til Acme Made, passa perfekt til speilrefleksen, og den er faktisk endå finare i røynda, enn på biletet. Den har gode bærehandtak, og det er ingen problem å ta den med på tur.Eg er veldig nøgd med det kjøpet.( He, he, det får vere nok reklame for acme made).

Elles har eg nettopp vore ein tur til Bremanger og Florø. Så då fekk eg brukt kameraet litt.

Eg har vore tre gongar på Brandsøyåsen, og trudd eg skulle døy av anstrengelse kvar gong. Formen har tydelegvis dalt ein del i dei siste åra. Så no er det trening som gjeld.

Utsikt frå Brandsøyåsen

Elles så vart eg lurt med opp på fjellet i Bremanger. Eg trur ikkje dei gjer det fleire gongar, for med meg gjekk det seint. Eg likar godt å gå tur, gjerne på fjell, men det må vere VEG!

Her er utsikta frå Strusnipa i Bremanger.

Eg var så trøytt at eg ikkje orka å ta bilete på veg oppover. Vi var ein tur oppom Førsnipa og.

Men elles så var det koseleg å vere i Bremanger igjen. Det er vel to år sidan sist. Og lillesøster og eg vart kjempegodt tatt imot av tAnta (Nina) og Frank.

Og så var det tilbake til Florø, og ei lita tur ned på båthavna der.

Det var det eg rakk på miniferien min. Den varte frå torsdag 22 juli til mandag 26. juli, men eg var no heldig med veret:)

No har det vore tilbake til jobb ei stund, før eg har ny miniferie frå neste helg av…