Eg prøvar, utan hell, å få tatt eit bilete av ein mår som tusler rundt huset på Fanafjellet. I staden vart det ein frosk som fekk gjennomgå forrige natt.

Stakkars liten, den hadde ikkje lært seg å sitte stille når den værte fare, så det var ikkje lett å få tatt bilete av den. (Eg har sett ein del froskar i artige posisjonar, når dei prøver å gjere seg usynleg ved å stå heilt stille). I tillegg var det mørkt, så eg fekk mange bilete av steinhellar utan frosk.

Det ser ut som den har ein fyrstikk sittande fast på ryggen. Eg lurar litt på korleis det gjekk til, og kvifor fyrstikken sit fast. Har det noko å gjere med skinnet til froskar?