Det vert ikkje så mykje ferie på meg i sommar, så difor må eg finne noko anna å bruke pengane på. Ikkje fordet, eg har aldri hatt problem med å bruke pengar. Det er verre å få dei inn 😛

Vel, her er noko av det eg har tenkt at feriepengane skal gå til B-)

Ynskjeliste!

Nr 1 på lista er denne stilige kameraveska til speilrefleksen. Eg var eigentleg på jakt etter ei meir diskre veske, men etter at eg såg denne, så har eg lagt dei planane på hylla. Who can blame me :-?? Eg fann den på Pr foto.no. Ikkje var den så dyr heller, berre kr. 276 (u/mva). Men ein må jo sjølvsagt og ha tilbehør til bagen. Eller rettare sagt, eit matchande etui til kompaktkameraet.

Og då kjem vi til nr. 2 på lista.

Denne fann eg på same plassen. Kostar kr. 92 (u/mva)






Men så kjem det som er litt verre/dyrare.

Kompaktkameraet mitt har gått fullstendig i oppløysing. Og eg må jo ha eit kamera til å legge i etuiet, elles er det jo lite vits i å kjøpe det 🙄

Og så kan det jo vere greit å ha eit kamera i tillegg til speilrefleksen. Eg er kjempeglad i kameraet mitt, men det er litt for stort til å ha med seg overalt. Og dei beste bileta er faktisk dei du tar, ikkje dei du kunne ha tatt.

(He, he. Då har eg overbevist meg sjølv, det er berre å gå igong med å handle).

Så her er nr. 3 på lista. Eit kompaktkamera som det går an å ta med seg overalt.

Førebels er det dette kameraet eg liker best. Men det kan fort endre seg. Må lese litt fleire testar først.

Panasonic Lumix DMC TZ10 raudt


Eg måtte sjølvsagt falle for eit av dei dyraste kameraene i klassen, litt over kr. 3000. Men med ultrazoom, gode biletresultat, og svært gode omtalar, så trur eg faktisk at dette kameraet er vel verdt pengane. Og er eg heldig, så har det kanskje blitt litt billegare når eg har råd til å kjøpe det.

Og når eg har handla inn alt dette, ja då må eg jo nesten ta meg litt ferie, slik at eg kan få tatt nokre spanande bilete…..  Hmm. Eg har jo friperiodane mine, eg må berre hugse å sei nei til ekstravakter 🙄

Ein ekstratur til Florø, hadde jo vore kjekt :-bd