Thriller/grøssar 2008.

pathologyFilmen handlar om medisinstudenten Ted Grey, som har framtida foran seg. Han er sikra jobb innan rettsmedisin, han er forlova, han skal berre innom den siste praksisperioden før han skal ta fatt på livet for fullt. På den nye praksisplassen viser det seg at medstudentane driv eit spel / konkurranse om kven som kan utføre det perfekte mord. Grey vert fort dregen inn i spelet.

Tja, kva kan eg sei. Vi møter eit ekstremt lite sympatisk persongalleri, inklusiv hovudpersonen. Filmen er spekka av groteske scener, der lik, innvollar, hjerner, blod og gørr står i fokus. Historia er usannsynleg (Grey vert alt for lett påverka av medstudentane), og veldig forutsigbar.

Her er det tydeleg at dei brutale scenene skal bære filmen, det gjer dei ikkje. Eg har stor sans for t.d Saw og liknande filmar, men der har dei ei god historie og eit godt persongalleri i tillegg. Det manglar denne filmen fullstendig. Den vert rett og slett keisam og platt.

[rating=1]