No har det endeleg bikka over til plussgrader her i Bergen, og det var jaggu på tide 🙂 Her i Vestre har det på det verste vore ned i -20¤c, og det er for alt for kaldt for meg. Eg har aldri vore så nær på å kjøpe meg ein varmeovn som i vinter. 5¤ på soverommet held liksom ikkje.

Ein vinter på vestlandet skal bestå av regn og mange plussgrader. Det er det perfekte veret så lenge sola ikkje gjev varme.  Eg kan klare ein dag eller to med snø og minusgrader, men så held det, og no har det vore nok i over ein månad. Så ja, eg er versjuk! Eg vert passe sur og tiltakslaus med ein gong gradestokken tipper under 0 grader.

Og dei som påstår at det er så friskt og fint med litt snø og kulde, kan umogleg ha vore i Bergen. Her er det er alt anna enn friskt med denne værtypen. Har du lyst å «tygge eksos» så er det berre å ta seg ein tur til Danmarksplass eller til sentrum.

 

Tom Hjertholm /BA

 

Og berre for å ha sagt det, ikkje er dei noko særleg flinke til å brøyte her heller.

Men over til luftforurensinga. For å få bukt med den så bør ein jo gje eit reelt alternativ til bilen. Det dei kallar eit kollektivtilbod her i byen er ein stor vits.

For det første, så er korresponderer bussane svært dårleg om ein skal frå ein bydel til ein annan. Eg må ta to busser før eg skal nå ein privat «jobbtransport» som tar meg det siste stykket. Det vil sei at eg må vente på buss/transport 3x i løpet av ein tur. Og er eg så uheldig at eg ikkje rekker den private transporten, så må eg ta drosje. Det går rett og slett ingen buss. Og ettersom eg ikkje er så frykteleg rik, betyr det at eg må ta ein tidleg buss og berekne god tid.

No er eg svært nøgd med at arbeidsplassen min sørger for transport frå Nesttun, elles hadde det vore heilt umogleg å bruke kollektivtilbodet. Men her er cluet, eg jobbar for Bergen Kommune som oppfordrar oss til å ta buss. Transporten gjekk før frå sentrum, men for å spare pengar så går den no frå Nesttun. Noko som gjer det mykje vanskelegare for mange å bruke den. (Vanskeleg å kome seg raskt frå ein bydel til ein annan). Så kommunen satser ikkje så veldig sterkt på miljø. Om dei sparar så mykje på det veit eg heller ikkje, for når den gjekk frå sentrum, så kosta den pengar, og no er den gratis.

For det andre, så er ikkje bussrutene alltid like lett å finne ut av. Ja, eg veit eg er analfabet når det gjelder buss, båt, fly, tog osb. ruter, og at sted og retningssansen min er rimeleg skral.  Men her i Bergen er det faktisk ikkje berre eg som sliter. Kvifor i alle dagar må same rute gå forskjellige plassar? Eg hugsa då eg flytta til Bergen, nærare bestemt til  Grønnestølen, der låg endehaldeplassen til buss nr. 6 eit stykke nedanfor der eg budde. Så då eg skulle heim frå sentrum første gong, satte eg meg sjølvsagt på buss nr. 6 og forventa at den tok meg til Grønnestølen. Det gjorde den ikkje. Det viste seg at den hadde to forskjellige endehaldeplassar i den retninga. Eg havna i Søndre Skogsvei, og vart rimeleg lommekjent der før eg endeleg fann vegen heim. Slik er det med mange ut av bussrutane her i Bergen. Mor mi (det er mogleg det er der eg har arva evnene mine i bussrutelesing) vart sitjande i Nipedalen då ho satte seg på ein buss som jf. nr. skulle gå til Loddefjord. Men igjen, same nr. har forskjellige ruter/endehaldeplassar. Og eg har høyrd om fleire andre som har same problemet.

I tillegg så har bussane forskjellige stopp i løpet av dagen, dvs at plutseleg er bussen forvandla til ein ekspressrute som ikkje stoppar der og der. Så det gjeld å ha tunga beint i munnen og nilese bussruter og pugge haldeplassar slik at ein kjem rett. No løyser dette seg riktignok fort når ein vert kjent med den strekninga ein skal ta bussen. Men det må jo vere mogleg å satse på buss sjølv om ein ikkje er så veldig kjent.

Det tok meg lang tid å finne ut kva for bussar som gjekk til Nesttun. Då måtte eg inn i dei forskjellige tabellene for å sjå om det stod Nesttun der. Eg er ikkje så kjent at eg veit at den og den plassen ligger i den og den retninga, og at det difor er naturleg at Nesttun er på ruta til den og den bussen. Nesttun er jo ein såpass stor plass, så kvifor ikkje skrive i innhaldsforteininga: NESTTUN. For dei som lurar, det er buss nr. 20 til 24 + buss nr. 620. Og eg spør kvar gong om bussen går til Nesttun for ikkje å få nokre blåturar. Eg veit det skal gå ein buss opp Fanafjellet og, men eg anar ikkje hvilken, fordi eg veit ikkje andre namn oppover Fanafjellet enn akkurat Fanafjellet. Og det held ikkje når ein prøvar å finne ut av bussruta. Takk og pris at eg har bil.

For det tredje, så går bussane alt for sjeldant. Og dei sluttar å gå alt for tidleg på kvelden. Her eg bur no er det ganske gode bussforbindelser til byen, i kvart fall i forhold til der eg budde før, Fjøsanger, eller i forhold til Laksevåg, eller i forhold …..tja…. til dei aller fleste andre plassar i Bergen, som ikkje er eit bydelssenter. Men i forhold til det eg er vant med i frå t.d. Oslo, er det heller elendig. Det eg alltid lurte på når eg stod nede på Fjøsangerveien og venta på bussen var: «kvifor i alle dagar kjem det tre bussar når det endeleg kjem buss, kunne dei ikkje heller ha spreidd dei litt utover»? Den bussen som gjekk rett nedanfor der eg budde (nr. 6 som nemt overfor), gjekk såpass sjeldant og var ein slik melkerute at det var håplaust å satse på den. I tillegg så er bussane ofte stappfulle, så det burde vere grunnlag for oftare avgongar.

I tillegg så meinar eg, som nemd tidlegare i bloggen, at kollektivtransport burde ha vore gratis. Eg har stor tru på at det ville ha løna seg samfunnsøkonomisk.

For å verkeleg å demonstrere kor lite dei veit i bystyret om kollektivtransporten i Bergen, så avgrensa dei tiltaka for å bremse luftforureininga med å kun sette inn ekstra gratisbussar frå dei ulike bydelsentra inn til Bergen sentrum. (No snakkar eg kollektivtransport, ikkje partalkøyring osb). Vel, eg trur det var til hjelp for dei færraste. Det var sjølvsagt eit godt tilbod til dei som ikkje hadde periodekort og som  berre skulle til sentrum. For alle oss andre så spela det lita rolle. Eg tok gratisbussen eit par gongar frå Nesttun til sentrum, det gjekk kjappare, så eg måtte vente lenger på neste buss. Og i staden for å betale på første bussen, så måtte eg betale på andre bussen. Så vinninga gjekk opp i spinninga kan ein sei. Eg høyrde og eit del prat på bussen frå folk som hadde periodekort, som meinte at kommunen belønna dei som brukte bil til dagen, mens dei som tok buss til vanleg ikkje fekk noko «premie». I tillegg så trur eg at sentrumsbussen forsvann, den fekk ny rute til Haukeland, så der vart det tilbodet vekke.

Eg trur det beste ein kan gjere for kollektivtransporten og miljøet i Bergen er å flytte bystyret ut på Sandsli eller i ein anna bydel, og tvinge dei til å bruke buss til jobb.

Vel, før nokon byrjar å snakke om sutring og at ein må ofre noko for betre luft. Eg har faktisk tatt buss nesten kvar dag til jobb i denne perioden. Med unntak av helgene, og det var berre fordi eg ikkje fann ut av bussruta.

Ja, ja. Eg vert som tidlegare nemd, direkte sur av kulde og snø. Difor har eg har ikkje skrive så mykje på bloggen, klaginga kan ta overhand også. Men no, no må det snart vere over. Så kanskje det kjem nokre litt meir positive bloggpostar når våren nærmer seg 🙂



Biletet er tatt i Florø, forrige helg. Snø.....