No er det ein del år sidan eg flytta frå Florø, så eg er ikkje særleg oppdatert på rykte og intrigar derifrå. Det kan difor ligge noko meir bakom her som eg ikkje har fått med meg. Men, men, ein slik artikkel gjev meg nesten heimlengsel 🙄

Det er ikkje lett å verte akseptert om ein ikkje er ekte Florøværing, eller? Og ein styreleiar frå Kalvåg… Nei, det går verkeleg ikkje an, og ikkje er det særleg inkluderande heller. (Ehh, kva var det ordet «inkluderande» betydde no igjen?) 🙂

Trykk på biletet for å gjere det større

Klippa frå Firdaposten

«Skulekorpset ved barneskulen i Florø har ein styreleiar frå Kalvåg, noko mange stiller spørjeteikn ved«.  (????)