Då var eg ferdig med ferien for i år, og alvoret har byrja igjen. Brukte dei siste feriedagane på ein liten tur til Florø, koseleg som alltid.

DSC_0032-w500-h500

Denne gongen traff eg ferga perfekt, dei var greie og opna bommen igjen for meg:)

DSC_0046-w500-h500

Eikefjorden, på veg til Florø. Motlys og kveld, ikkje så bra kombinasjon.

DSC_0045-w500-h500

Ikkje ein dag fortidleg!!! Men det byrjar å verte kjekt å køyre mellom Bergen og Florø no som Romarheien og er oppgradert.

DSC_0060-w500-h500

Eg spurte min far om han brukte det nye kjøkkenet sitt. Han sa ikkje eit ord, men gjekk igong med å bake kake, lage sjokoladepudding, sylte plommer samt steike brød. Er det det som kallast demonstrasjon?:)

DSC_0061-w500-h500

Litt av hagen. Ser finare ut i dagslys

DSC_0069-w500-h500

Min far håper på global oppvarming og ny strandlinje:)

Elles var det ein svært innbringande tur. Min onkel har nettopp flytta frå Trondheim til Florø, og i forbindelse med flyttelasset hadde han ein del fotoutstyr som han ville bli kvitt. Så no har eg fått fem nye linser til nikoen min samt eit nytt fotostativ. Kanskje på tide at eg lærar meg å ta skikkelege bilete? Eg har inga unnskuldning no.

Elles så flytta min mor til Bergen i dag. Ho har ikkje fått seg leiligheit endå, så førebels så skal ho bu hos meg . Skal bli spanande å sjå korleis det går. Vi satsar på at ho finn seg leiligheit snart. (Please).

Elles så har eg  ikkje fått sett så mykje film i det siste, så difor er det for tida dårleg med filmomtalar på bloggen. Først hadde eg ferie i 14 dagar, og ettersom eg ser mest film på jobb så har det rett og slett ikkje blitt noko filmtitting.  Då eg kom tilbake på jobb hadde det vore ein del omrokkeringar der, slik at eg har havna på team med ei som ikkje er noko interessert i film. Så no må eg sjølv finne fram til og laste ned film. Hjelp. Det vil nok ta eit par veker før eg får system på det, men eg lovar at eg skal kome sterkt tilbake:)