___Vintage____by_LiekEin ruspåvirka mann køyrde inn i ein familiebil, skada foreldra og drepte ein toåring. For dette fekk han ein månad i fengsel. Eg skal ikkje gå inn på kva eg meinar om straffeutmålinga, den er ille nok. Men det som er heilt uforståeleg er at han ikkje mista førarkorten.

Når eg ser kva ein kan tillate seg utan å miste lappen, så lurar eg på kva dei har gjort, dei 1277 personane som faktisk mista førerkortet sitt i sommar?