DSCN0795-w800-h800

Alcudia

I dag har vi vore i Alcudia. Køyreturen dit gjekk fint, det var berre ein type kryss eg ikkje skjønte heilt første gong. Det såg ut som ein rundkøyring, så då eg varkome inni den så ga eg berre gass. Vel, det var visst ikkje noko rundkøyring, eg hadde visst vikeplikt for den kryssande vegen (dei som  i 70km/t). Men no har eg lært, og gjer ikkje same feilen fleire gongar 🙄 Elles køyrar dei rimeleg fort her, trur ikkje dei har noko særleg med fartskontrollar her. Men politiet er no svært synleg ute på vegane.

Vel vi har vore i Alcudia i dag. Eg har svømt for første gong på fleire år. Det viste seg at eg var visst ikkje så svømmedyktig som eg pleide å vere, men etter eit par forsøk kom eg inn i rytma igjen.

DSCN0794-w800-h800

Alcudia

 

Bileta er tatt med gamlekameraet mitt, turde ikkje å bruke det nye, litt for mykje sand over alt 😎

pmicdo_2
Cala d’Or

Lillesøster likte stranda der betre enn her i Cala d’Or. Eg på mi side, må sei at eg synast strendene her på Cala d’Or er fantastisk vakre. Men ettersom dei er så små, så er dei litt overfylte. Har ikkje tatt noko bilete av dei enno. Men her er eit  som eg har stjålet frå nettet.

Køyreturen gjekk fint tilbake, vi fann fram. Lillesøster er fantastisk som kartleser 😉

Elles byrjar solbrentheten å kome under kontroll. Lillesøster har blitt knallbrun allereide.


DSCN0798-w800-h800

Lillesøster