Gjekk tur i Storåsen i går. Avslutta turen ved skytebana ved Likkjevatnet. Tok litt bilete.

 

Likkjevatnet

Rimeleg gjengrodd, kjem visst av salting av fotballbana.

Skytebana ved Likkjevatnet

Skytebana ved Likkjevatnet

Kom i prat med ein kar då eg tok bilete av nokre skur på skytebana. Han kunne fortelje at det eldste var frå ca. 1862, då Florø Skytterlag vart grunnlagt. Eg var ikkje klar over at klubben var så gamal.

Florø by vart t.d. grunnlagt to år før, i 1860. Så dette må jo vere blant dei eldste bygningane i byen 😛

DSC_0105-w800-h800

Florø Skytterlag, skipa i 1862

 

Bygning frå ca 1860

Bygning frå ca 1860

Bygning frå ca 1860

Bygning frå ca 1860

Bygning frå ca 1860

Bygning frå ca 1860

Fakta om Florø Skytterlag, henta frå Fylkesleksikonet.

Florø Skytterlag

Florø Skytterlag vart skipa 1862 som eit av dei første i landet. Skiparane var menn frå dei kondisjonerte klassane i den vesle kystbyen. Dei første åra hadde laget idrettsgruppe og musikklag.

I 1889 og ei tid frametter hadde skyttarlaget hard konkurranse frå eit anna lokalt skyttarlag som heitte «Sverre». Etter mykje strid, enda det med forlik og samanslåing. Skyttarlaget har heilt sidan starten hatt skytebane ved Likkjevatnet, der eigar av Flora gard gav gratis grunn. Bana ligg no midt i byen i eit attraktivt friluftsområde, noko som har skapt mykje strid og uro dei siste åra.

På 1980-talet vart Anne Grethe Jeppesen Europa-meister i luftgevær og fekk 5.plass i OL i Los Angeles, og i 1974 vart Egil Melvær skyttarkonge.