Frp har funnet ut at dei manglar stemmar blant dei store kvinnegruppene innan helse og sosial. Dette prøver dei no å bøte på ved å lokke med likeløn. Eg har sjølv jobba innan helse og sosial i snart 20 år, primært i heimetenesta for menneske med utviklingshemming. Og slik eg kjennar sektoren både gjennom eigne erfaringar, gjennom andre sine erfaringar og gjennom media, så har eg lita tru på at Frp si oppskrift om privatisering vil hjelpe på likeløn.

Utsnitt fra freske i RådhusetEg trur eg skjønar tankegongen, at dersom det vert konkurranse  om arbeidskrafta mellom kommunen og dei private aktørane, så vil løna stige. Men allereide no er det mange plassar viktigare med økonomi enn fag og kvalitet. Det må vere ein sterk og dyktig leiar og eit godt team på dei ulike bufellesskapa om ein skal greie å fronte livskvalitet framfor oppbevaring. Eg har sjølv jobba på plassar der vi skulle utføre «lågast mogleg fagleg forsvarleg teneste». Dvs, vi skulle utføre fagleg forsvarleg teneste, men ikkje yte noko utanom det. Personalressursane  både i mengd og «kvalitet» vart sjølvsagt berekna utfrå dette. Og omgreipet «fagleg forsvarleg», ser eg framleis på som eit uthola, tulleomgreip utan innhald, når det vert brukt av dei som legg vekt på økonomi.

No er sjølvsagt ikkje FRP ansvarleg for dette, men eg trur at dersom dei fremmar privatisering overfor slike svake grupper, så vil økonomien i endå større grad styre, og kvaliteten samt løn, vil verte tilsvarande dårlegare.

Eg vil gå ut frå at arbeidet vert sett ut på anbud, og for at dei ulike aktørane skal greie å halde prisen nede, må det nødvendigvis gå ut over noko. Eg har lita tru på at dei ønske fleire fagfolk enn det lova stiller krav om, og eg tvilar på om dei vil tilsette dei dyraste arbeidstakarane, nemleg dei med lengst fartstid eller utdanning. Dei viktigaste ressursane på arbeidsplassane innen helse og sosial er menneska som arbeider der, og deira erfaring og kunnskap. Men det er og her det er lettast og spare. Løna vil difor ikkje stige.

Ein kan og ta ein titt til barnehagesektoren, der det er mange private aktørar. Men førskulelærarane er framleis den gruppa som har lågast, forventa livsinntekt. Dei kjem faktisk like dårleg ut, som dei heilt utan utdanning. Så eg har vanskar med å sjå korleis privatisering har hjulpet denne yrkesgruppa lønsmessig.

No vil ikkje eg sei at eg (førebels) er heilt imot privatisering. Eg har høyrt om solskinnshistoriane om eldre i Oslo, som t.d. får forholde seg til ei heimehjelp, i staden for nye kvar dag slik som ein kan risikere å oppleve innan den offentlege tenesta. Kjempebra, men dette er relativt ressurssterke folk som kan snakke for seg, dei veit innhaldet i tilboda og dei veit kva dei ønske og kan formidle det. Ikkje alle er i stand til dette, eller har pårørande som kan kjempe for seg.

Sjølvsagt er det klart at kommunehelsetenesta på mange områdar er for dårleg. Økonomistyringa kan nok også betre seg utan at det går utover sluttbrukaren, men då må ein ha klåre retningsliner som fremmer kvalitet, og ikkje stole på omgreip utan innhald, som t.d. nemt overfor «fagleg forsvarleg». Det er så mykje som kan sjå fint ut på papiret, men som ikkje gjenspeilast i røynda.

 

Les også: likestillingsombudet: Frp mangler likestillingspolitikk.