Er det noko Florø har mangla, så er det ei skikkeleg sandstrand. No er moglegheiten her: oppfordrar alle Florøfolk  å gje eit bidrag til:

Sørstrand Familiebadestrand

kontonummer: 3705.15.87600

Sørstrand har i mange år vore ei skjult perle dei færraste i Florø har kjent til. Men det siste året har ivrige sjeler, med Magne Hovland i spissen, jobba med å opne opp området.  Dei har gjort gamle stiar tilgjengelege igjen ved å rydde i kratt og skog, og dei har opna opp att gamle utsynsplassar.  Dette i tillegg til Avinor sin beredskapsveg, gjer at folk i alle aldre kan gjere seg nytte av området. Grunna sikt og tryggleikssonane til flyplassen, måtte ein del av dei store trea fellast,  og som takk for arbeidet som dugnadsgjengen har gjort,  har avinor spandert benkar som er plassert på ulike utsynspostar.

Det som gjengen prøvar å få til no, er å lage ein sandstrand på Sørstrand. Dei har funnet eit eigna området. Fylkesbanken har spytta i kr. 50 000, men det manglar framleis kr. 40 000 for å få prosjektet heilt i hamn.

Eg tykkjer dette er eit flott tiltak som alle i Florø kan nytte seg av, eg håpar difor at mange nok støttar opp om prosjektet.

Vil du vite meir sjå nettutgåva til Firdaposten, eller papiravisa til Firdaposten 12. februar 2009.  Eller du kan gå inn på Origo si side, Sørstrand Familiebadestrand.

Oppdatert:

Sørstrand har no fått si eiga heimeside.

Adressa finner du her.