<kultur!>

Slik jeg ser det

LARS TORE KLEPSVIK

Negrar skreik ikkje når dei fekk deng

Eg trur at måten eg oppdaga Albert Joleik på, seier meir om mitt forhold til han enn noko anna. Av ein eller anna grunn som eg ikkje hugsar, fann eg ut at eg skulle googla ordet underfundig. Søkjeresultatet gav meg eit par uinteressante bloggar. Ein artikkel i Universitas med den enormt bra tittelen «Kaffe og underfundige piker» der innhaldet diverre ikkje var av same kaliber. Og eg fann Albert Joleik, «den frie og underfundige redaktør».

Albert var eit resultat av eit nysgjerrig sidesprang der eg leita etter noko særeigent og kosteleg. Ein digresjon som skulle gje meg ein eller anna røvar­historie. Noko eg fekk til gagns. Albert Joleik var ein heilskulert røvar som gjennom eit langt liv var bladfyk, målmann og lokalhistorikar. Han var den yngste som nokon sinne hadde fullført examen artium i 1896, 16 år og tre månader gammal. Han var i 1901 den fyrste som leverte inn embetseksamen på nynorsk ved universitetet i Oslo. Vart redaktør for fleire aviser. Og han var offiser i Kongo.

Eit lyst hovud

Han kom til verda i 1880 og voks opp i Florø. Der synte det seg raskt at han hadde eit hovud som både tenkte raskt og hadde stor kapasitet. Allereie då han var ni år gammal fungerte han som sekretær for morfaren som var formann i skulekretsen. Det vart danna eit spleiselag som skulle sjå til at dei økonomiske høva låg til rette for at guten skulle få seg ein lang og god skulegang.

Det vart bestemt at dei skulle sende guten til Bergen. Ein by der Joleik skulle bu store delar av sitt liv. Der kunne han nå gå på middelskule og verta kunnskapsrik. Det vart sagt at Joleik var ein læreviljug elev med stor kunnskapstørst. Bergensopphaldet enda denne gongen i 1896 då han, som den yngste elev i Noreg dette året, tok Examen Artium.

Albert på universitetet

Då han var ferdig med gymnaset ville han verta bonde, men dette ville dei færraste ha noko av. Foreldra ville at han skulle utdanne seg til prest og han fekk privat stipend frå etablerte bergensherrer, blant dei familien Mohn og Christian Michelsen. Han gav etter for presset og reiste til Oslo. Men noko prest hadde han aldri hatt planar om å bli! Det vart til slutt filologi som fylte opp timeplanen hans. Då det var ferie og han skulle heim til Sunnfjord, tok han beina fatt. Fem mil om dagen frå Oslo til Sunnfjord.

Ved enden av studietida då eksamenar banka på døra, skapte Albert furore i akademia. Av seks obligatoriske oppgåver, leverte Joleik inn fire av dei på Nynorsk, noko som var uhørt på denne tida. Det var fleire som ville nekte å rette dei og dermed stryke han. Men unge Joleik hadde knytt band til Professor Hægstad som pressa igjennom at Joleik skulle bli bedømt på lik linje med bokmålfolket. Dermed vart Joleik den fyrste som nokon gong tok embetseksamen på nynorsk.

Offiseren Joleik

Etter ferdig utdanning i 1901, virka han som lærar blant anna på Bø og på Treungen. Men fast stilling fekk han ikkje. Han vart då lei av å ha vikariatjobbar og byrja å leite etter andre typar jobbar. Til slutt byrja han som peletonchef for belgiske kong Leopold i 1905. Han reiste då til Belgisk Kongo. Der fungerte han som avdelingssjef «men elles likso mykje fut o forliks-kommisær o sjukepleiar o lagerchef o agronom o landleitar». Det er ikkje så mykje ein veit om kva han gjorde der nede. Det meste har me frå Joleik sjølv og det kan best beskrivast som sjømannsskrøner av uviss sanningsgehalt. Me veit at han fekk fjerna ein stor innsjø frå kartet. Me veit og at han fekk seg ei kone, Wanda, som gav han sonen Olav. At ho var ei høvdingdotter har me berre Albert sitt ord på. Då Albert skulle reise heim att tok han både kona og sonen med seg. Men Wanda fekk kalde føter då ho såg havet og vendte om. Sonen vart med til besteforeldra i Florø og vart dermed Sunnfjord sin fyrste neger. Han likte å bruke norske ord når han kommanderte soldatane og eine ordren var: «Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap».

Redaktør og lokalhistorikar

Det vart sagt at Albert Joleik vitja statsarkivet i Bergen for å finne ut litt om nokre grannar. Når han kom ut att hadde han skreve fleire lokalhistoriske verk for kommunar i Sunnfjord. Fram til andre verdskrig fungerte han som redaktør i tre aviser, i siste periode for Fjordaposten som han gav ut sjølv. Der hadde han ei fast spalte som han kalla Ymsingen. Der slo han seg laus og gav nokre fornøyelege spark både til aust og til vest. Avisa gjekk inn i ved krigen sitt utbrot i 1940 fordi Joleik visste at pennen hans ville få han i problem med tyskarane.

Joleik og samtida

Attende til mitt forhold til Albert Joleik. Han var som sagt eit resultat av litt tidskveling på internett. Ein eg kom over når eg jakta på noko underfundig. Og det var det eg fann. Ein underfundig mann som liknar meir på ein overdreven romanfigur enn ein verkeleg mann. Mannen som fekk æra for å finne opp orda Kringkasting (noko han sjølv benekta, han hadde berre tørka støv av eit gløymt ord) og alkunne (noko han ikkje benekta) var i røynda ein kompleks mann med eit par paradoks som ein ikkje skal koste under eit teppe. Når Albert Joleik talde eller skreiv om tida i Kongo, kom han aldri inn på det terrorvelde som den belgiske kongen hadde oppretta der. I staden kom han med lystige sjømannsskrøner som underheldt meir enn dei informerte.

Då han i 1950, 70 år gammal vart konfrontert med dei grusomme hendingane som gjekk fore seg i Kongo og bedt om å forklare kva rolle han hadde i det, svara Joleik med ein kronikk som var så lang at han måtte utgje den over tre dagar. Grunnessensen i denne kronikken var at det meste av kritikken kom frå England, blant anna hadde Arthur Conan Doyle skrive kritiske artiklar. Han var i følgje Joleik ein simpel spiritist som ein ikkje skulle bry seg om. Problemet med britane generelt var at dei var misunneleg på kva belgiarane fekk til der nede. Joleik heldt fram med å sei at unge Erik Nesbu, som kom med kritikken, måtte slutte å skrive om ting han ikkje hadde peiling på. Påstandane om utnytting og mishandling av dei innfødde var berre tull, for Joleik «hadde aldri høyrt eller sett ein negersoldat skrike når han vart dengd». Opp mot slike påstandar har me det faktum at han sjølv hadde ein son som var mørkhuda.

Joleik var ein mann der ein vanskeleg kan finne ein samkjørt heilskap. Det kan godt vere at ein djup biografi som leitar i alle krokar vil gje oss eit heilska­pleg bilete av mannen som forklarar det me ser på som paradoks. Problemet med det er at då vil anekdotane og røvarhistoriene miste mykje av sin kraft. Dei vert då noko som syner verdiar og tankar til mannen som står bak utseg­na. For å komme til mannen Albert Joleik, må ein drepe myten Albert Joleik. Eg meiner at me skal la mannen Albert Joleik få kvile i fred, mens myten Albert Joleik skal få ein bauta på Torgallmenningen.

av Lars Tore Klepsvik

Henta frå http://www.samviten.uib.no/Bilder/Pdf/Nr.%2001.06_web.pdf

Tilbake