Tag-Archive for » twitter «

25
jun
2009

tweeterEg skreiv for ei tid tilbake om Twitter og at eg ikkje skjønte så mykje av det. Vel, etter å ha brukt det ei stund, må eg ærleg innrømme at eg er hekta. Eg kan nok ikkje kalle meg ein kvitrar, eg har eigentleg svært lite interessant å meddele, og i mi drøymetwitterverd så ville eg hatt null følgarar.

Eg synast det er mykje meir spanande å surfe rundt på dei andre twittarane. Har funnet utroleg mange gode og interessante bloggar via twitter. Og eg tykkjer det er eit godt supplement til avisene, som byrjar å verte overfyllt av artiklar om motenyhende, kjendisar og anna ukebladjournalistikk. (Ikkje det at eg har så mykje imot det, men det er mengda av det som gjer meg litt fedup).  Mange av dei som bloggar har og svært  god kunnskap om det dei skriv om, og er ein litt kritisk, kan man få god bakgrunnsinfo, kunnskap og dybde om eit tema. Noko som etter mitt syn, er blitt ein mangelvare hos dei største avisene.

Twitter01Eg kan framleis ikkje heilt skjøne at einskilde meiner at twitter vil ta over for Facebook. For meg har desse to nettsamfunna to heilt ulike bruksområde. Facebook for å halde kontakten med venar, twitter for å sjå kva som rørar seg ute i verda.

Category: Litt av kvart  Tags:  Comments off

Har brukt Facebook i eit par år no, og er svært nøgd med det. Derfor vert eg litt frustrert når eg les i media at Facebook er berre for å vise seg fram, for å snoke osb. Og at Facebook berre er for wannabe fjortiser.

Facebook refuses to fix obvious security flawMi erfaring er at eg har fått kontakt med gamle venar som eg ikkje har snakka med på kanskje 10 – 15 år. Sånn er det når ein kjem frå ein liten plass der dei fleste flyttar ut, ein mistar kontakten. Facebook har og gjeve meg moglegheit til å halde kontakten med andre som eg har møtt gjennom skule og jobb, og som ellers ville ha forsvunnet ut av livet mitt p.gr.a. ein hektisk kvardag. Msn og Skype er jo og alternativer, men eg må innrømme at eg synast at chatting berre er anmasande og irriterande. Då har eg meir sans for Facebook der ein kan svare på henvendelser når det passar.  Eg tenker at jo eldre ein er, jo meir aktuelt vert nettsamfunn som facebook o.l. Bl. a. visar det seg at den gruppen som veks raskast på Facebook er kvinner på 55 år+. Men sjølvsagt detter det og inn mange “venar” på vennelista som eg aldri vil ta kontakt med. Eg synast det er uhøfleg å avvise nokon som eg veit kven er.

Ser at lenkene over  ikkje er heilt relevante, men eg orka ikkje å leite etter skikkelege henvisningar.

Twitter, derimot, har eg enno ikkje fått heilt grepet på. Det var så mykje skriveriar om det at eg tenkte eg måtte teste det ut; men eg har enno ikkje skjønt det. Det som er sikkert er at det er effektivt i marknadsføring. Eg har allereide fått “followere” som kun følger meg for at eg skal trykke på heimesida deira, og slik kome inn på reklamesider. Men eg har no lagt twitter til på sida her, og i verste fall kan eg jo bruke det som statusoppdatering ala Facebook.

Når det gjeld blogging er det litt meir varierande motiv, her er det vel meir det og vise seg fram . Eg ynskje jo sjølvsagt at fleire skal lese bloggen min, og gå inn på sidene mine.  Vel, kanskje ikkje førebels, sidan sidene framleis er under oppbygging.

blogging.jpgMen av og til vil det jo dukke opp saker der eg ynskje at andre skal høyre/lese mi meining. Så her er det jo snakk om å eksponere seg sjølv. Samstundes er motivet mitt for å skrive blogg rett og slett og verte flinkare til å uttrykke meg skriftleg, samt at eg likar å skrive.  Eg har heller ingen tru på at det eg skriver skal fenge dei store massane, difor kjem eg aldri til å linke meg til aviser  gjennom dei tenestene som t.d. Dagblader og Vg har.  Eg reklamerer heller ikkje for heimesida mi anna enn på dei andre nettsteda eg ferdast (facebook og twitter), og til venar og familie.

Tja, det var dagens forsvarstale for narsissisme og ekshibisjonisme  ;)

Category: Litt av kvart  Tags: , , ,  Comments off