Tag-Archive for » trening «

Har då gått til anskaffing av fitbit flex.

fitbitflex rosa

Edit 4 februar

Då har eg brukt fitbit flex i vel ei veke, og eg er kjempenøgd. Fitbit flex kan vel best beskrivast som ein litt avansert skrittmåler. I tillegg så registrerer den søvn, aktivitet o.l. samt at den kan brukast som ein vekkerklokke. (Som vekkerklokke funka den ikkje for murmeldyret meg  B-) )

Åleine er den nok ikkje så spanande, men når ein koplar den saman med andre apper, så vert den genial. Eg brukar den saman med MyFitnessPal og RunKeeper.

MyFitnessPal er eit kaloritelleprogram som er svært enkel og grei i bruk. Hittil har eg ikkje hatt problem med å finne norske varer. Kaloriprogrammet som følger med fitbit flex passer dårleg med norske varer og er nærast ubrukeleg i Noreg. Men så lenge MyFitnesPal synkroniserer heilt greitt med fitbit, så gjer det ikkje så mykje.

Det er mange apper som er kompatible med fitbit, men etter ei veke så har eg endt opp med RunKeeper og MyFitnessPal. Eg prøvde og ut MapMyWalk, og var vel eigentleg meir nøgd med den appen enn med RunKeeper, men den brukte for mykje av mobilbatteriet. Men kartene var betre.

Fordelen med RunKeeper (for meg) er at den rapporterer direkte til WordPress. (Eg likar å lage loggar/dagbøker :-P ).Den lager litt keisame rapporter, men det er jo berre å redigere etterpå. Og etter at eg fann ut at eg kunne eksportere karta som gpx, så er eg faktisk nøgd med karta i denne appen og. Og best av alt, den bruker lite batteri.

Så alt i alt er eg svært nøgd. Fitbit i kombinasjon med RunKeeper og MyFitnessPal har fått meg til å gå eit par ekstra km i løpet av denne veka, og gjort meg meir medviten på kva eg putter i meg av mat og drikke.

Category: Treningsdagbok  Tags: , , , , ,  Comments off

Etter å ha slitt med ryggen den siste månaden, og etter å ha hatt vanvittig vondt i den dei siste dagane, så ser det endeleg ut som det løysnar. Eg klarar no å kome meg ut av seng og sofa, utan å måtte ta turen nedom gulvet først :-bd Det gjer ikkje lenger vondt å stå, sitje, ligge, gå, hoste osb.  Og eg klarar faktisk å bevege meg ganske bra. (Rullator står ikkje lenger på ønskjelista :-P )

Det har vore kjipt å ha det sånn. Men på ei anna side, dette er vel kroppen sin måte å sei “kom deg i aktivitet” på, og den kunne jo ha sagt i frå på langt verre måtar :roll:   Så no er nyttårsforsettet klart, det vert trening, trening og atter trening inn i det nye året. Og motivasjonen er på topp, for eg nektar å ha vondt i ryggen fleire gonger!

Category: Helse  Tags: ,  Comments off