Tag-Archive for » streik «

Og hadde dei kommunetilsette fått eit like godt lønstilbod som elektrikarane, så hadde det nok ikkje vorte streik der heller.

Ikkje misforstå meg, eg unner absolutt elektrikarane ei ny minstelønssats på kr. 336 400 i året. Men eg kan ikkje forstå alle dei som ikkje unner dei tilsette i kommunen noko tillegg i løna.

Til samanlikning er minsteløna til fagarbeidarane (hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar osb.) i kommunen på kr. 272 100 i året.

Sjukepleiarane m.fl. har kr. 310 700 i året som minsteløn. Og dei har i tillegg studielån (og tapt arbeidsinntekt) for ein treårig høgskuleutdanning bak seg.

Og kvifor all den snakken om finanskrisa? Kvifor skal dei som er lågast løna i landet ta støyten for den, imens mange i det private kan, og har unna seg gode løningar dei siste åra, utan at finanskrisa har vore noko særleg tema?

trykk på skjemaet for å gjere det større










Her finn du fleire postar eg har skrive om streik og likeløn.

Category: I media  Tags: ,  Comments off

Vg melder at Bergen kommune sparar kr. 13 440 600 pr dag på streiken. Som utgangspunkt har dei brukt ei snittløn på kr. 380 000 i året.

Vel, slik ser kommunens lønstabell ut.

trykk på biletet for å gjere det større

 

Stilling utan særskild krav om utdanning – t.d. heimehjelp, assistentar osb. tener kr 289 000 etter 10 år.

Fagarbeidarstillingar – t.d. omsorgsarbeidarar, hjelpepleiarar osb. tener Kr. 316 500 etter 10 år.

Stillingar med krav om (3- årig) høgskuleutdanning – sjukepleiarar, vernepleiarar osb, (og eg som er førskulelærar)  tener kr. 353 700 etter 10 år.

Det er dei tre første linjene som utgjer fleirtalet av dei tilsette i kommunen.

Dette var den nyaste tabellen eg fann i farta, men eg trur vi tener litt betre enn det i Bergen Kommune. Løna mi (Høgskuleutdanna, full ansiennitet) er på rundt 366 000 i året. (100% og utan tillegg).

Men uansett, korleis VG greier å få snittløna opp i kr. 380 000, det fattar ikkje eg.

Ein annan plass i VG leste eg

Det viktigste med avtalen var å få i land skift turnus, endelig!!!!!!!!!! Ellers er jo pengesiden så som så blir vel ikke akkurat likelønn av dette, men et museskritt på veien kanskje.


Museskritt?

Det har jo blitt 12 dager ekstra “ferie” ved dette. I penger utgjør nok dette i underkant av 30.000,- kr hvert år. For arbeidsgiver betyr dette at de må bemanne med 6 % flere folk.

Nei… 12 dagar ekstra “ferie” utgjer ikkje kr. 30 000 for arbeidstakar med normale vakter. Eg trur nok du trygt kan nesten halvere dette beløpet.

Igjen, eg trudde eg tente bra eg, inntil eg såg kva folk eigentleg trur eg tener. Og då seier eg stakkars dei ufaglærte og fagarbeidarane, som tenar endå mindre.

Her er forresten dei nye minstelønkrava til YS


trykk på biletet for å gjere det større






Her finn du heile kravdokumentet.

Og her finn du KS sitt tilbod.



Category: I media  Tags: , , ,  Comments off

Firdaposten melder at dei som er i streik ved Florø Barneskule, vert nekta å vere med på blåtur.

I dag låg der to lappar til oss. Den eine sa at vi skulle varsle foreldra om at SFO kan bli stengd, den andre at vi ikkje får vere med på fredagens blåtur, Første tanken min er at dette er barnsleg, seier tillitsvalde Anne Rigmor Gjertsen.

– Blåtur er noko vi har i fritida vår. Det er ikkje noko vi får betaling for. Det er eit sosialt tiltak som skal sveise oss saman med lærarane i skulen, Når vi får slike reaksjonar skaper det tvert imot større avstand. No kjenner vi oss skikkeleg provoserte supplerer Paula Midtbø.

 

Inspektør Venche Standal Byrkjeland, viser til at SFO kan komme til å vere i streik frå onsdag. Arbeidsgjevaren er inne og sponsar og arrangerer blåturen. Då har vi fått beskjed frå personalsjefen Trond Ramstad Olsen at dei som er i streik ikkje skal vere med på blåtur. Tilsvarande gjeld også andre som er i streik, forklarer inspektøren.

Dette her verkar jo som eit forsøk på splitt og hersk, noko som ikkje akkurat kan kallast god arbeidsgjevarpolitikk. Og det synast heller ikkje som om Flora Kommune set noko særleg pris på arbeidstakarane sine, når dei sender ut slike meldingar.

Eg håpar berre at dei som ikkje er tekne ut i streik, er solidariske med dei streikande, og utset blåturen til alle kan vere med.

Category: I media  Tags: , ,  Comments off

VG i dag presenterar eit blogginnlegg “Den store likelønnsbløffen” i samband med streiken. Eg må sei at det var ganske overraskande lesing.

Alle de offentlige ansatte har grunn til å være skuffet, både de som streiker, og de som fikk en avtale. Ikke fordi det siste tilbudet fra arbeidsgiverne var dårlig. Men fordi fagforeningslederne deres hadde lovet dem så mye mer.

Eehh, kva for retorikk er dette? Er vi skuffa over fagforeininga, så er det fordi vi eventuelt har ei svak fagforeining. Dersom oppgjeret er bra, så er vi ikkje skuffa over fagforeininga. Og eg har såpass tiltro til medlemma, at dei sjølv kan vurdere kva som er eit bra, og kva som er eit dårleg oppgjer, uavhengig av kva fagforeininga har sagt.

De kjemper for kvinnelige og mannlige lærere, og for kvinnelige og mannlige sykepleiere. En mann og en kvinne som er sykepleiere tjener det samme når de har samme arbeidsoppgaver. Mannen som er sykepleier vil dermed få del i en eventuell kvinnepott.

Ja, sjølvsagt skal mannen få ta del i godene og. Likeløn går ikkje på einskildindivid, det går på grupper. Det er her heile cluet ligg. Kvinnedominerte yrke er løna lågare enn mannsdominerte yrke. Så kan ein diskutere seg blå om kvifor det er slik. Kvifor t.d. læraryrket sakka akterut både lønsmessig og  prestisjemessig etter at kvinnene tok over yrket. Det skal verte spanande å sjå kva som skjer med legestanden, ettersom kvinnene vil dominere den og om eit par år. Og så har vi t.d. Hans Wilhelm Gullestad som frykter at dersom fleire kvinner vel kommunikasjonsfaget, så vil løna å gå ned.

Den norske modellen innebærer at det er konkurranseutsatt industri som setter rammene for hvor høye lønninger samfunnet tåler. Særlig nå, når resten av Europa er i krise, og norske varer blir enda vanskeligere å selge ute i verden, er det viktig at lønnsoppgjørene i offentlig sektor ikke setter andre arbeidsplasser i fare.

Vel, sjølv når norsk økonomi var god, så sakka løningane i det offentlege akterut. Så kvifor dra fram dette kortet no? Og kvifor skal dei som er lågast løna i samfunnet ta støyten?

Mange kvinner velger tryggheten og forutsigbarheten som ligger i å jobbe i det offentlige

Vel, eg har mine tvil om at dette er grunnen til at mange kvinner vel lågtlønsyrke. Og tryggleik og forutsigbarhet? Spør alle dei tilsette med latterleg låg stillingsprosent om kor tryggleiken og forutsigbarheten ligg. Stresset med å få nok ekstravakter kvar månad for å få det til å gå rundt, gjev korkje tryggleik eller forutsigbarhet.

Det er umulig å diskutere likelønn uten å forholde seg til spørsmål om tilbud og etterspørsel. Det sier seg selv at en arbeidstager som har en utdanning som er etterspurt i det private næringsliv, tjener mer enn en som bare kan tilby sin arbeidskraft til et gjennomregulert offentlig helsevesen.

At helsevesenet er gjennomregulert er nok litt av problemet til at tilbod og etterspørsel etter arbeidskraft ikkje påverkar løningane. Og at personleg dugleik har lite å sei. Det same gjelder arbeidets art.

Hadde det vært flere arbeidsgivere som konkurrerte om sykepleiere og hjelpepleiere, ville antagelig lønningene deres gått opp. Her ligger også paradokset. Fagbevegelsen, med Fagforbundet i spissen, kjemper hardt mot ethvert forslag om konkurranseutsetting

Vi har plenty med private barnehagar her i landet, og ikkje eit vondt ord om dei. Men løningane til førskulelærarane er framleis lågast av alle dei høgskuleutdanna. I livsløn så kjem dei faktisk ut på lik linje med dei som berre har grunnskule. I tillegg så har det vore stor mangel på førskulelærare, utan at det har slått nevneverdig ut på lønsstatistikken. Så tilbod og etterspørsmål og løn, er no ei sanning med modifikasjonar.

Organisasjonene fortsetter å kjempe for at deres medlemmer i det offentlige skal få mer i lønnsøkning enn ansatte i det private næringsliv. Den kampen må de gjerne føre. Men den handler ikke om lik lønn for likt arbeid.

Nei, det handlar ikkje om lik løn for likt arbeid. Det handlar om korleis ein skal verdsette dei ulike yrka (og utdanningene). Er eit arbeid som i stor grad er utført av kvinner mindre verdt enn eit arbeid som i stor grad er utført av menn? Er eit arbeid der ein direkte kan sjå innteninga, meir verdt enn eit arbeid der dei jobbar for at mennesket skal ha det bra, og slik gjev ei samfunnsøkonomisk vinst?

Og dersom desse yrka er så lite verdt, at yrkesutøvarane ikkje fortener ei løn å leve av. Kvifor då bry seg med at dei streiker?

Sjå og tidlegare bloggpostar om same tema.

Streik, ikkje streik.

Frp, privatisering, kvalitet og likeløn

Category: I media, Politikk  Tags: ,  Comments off

…det veit vi ikkje enno.

Heldigvis er det mange som støttar dei tilsette i stat og kommune,

men,

kommentarfelta i dei ulike mediane vert fyllt opp med, at ein bør vere nøgd med det ein har, og at dersom ein vil tene meir, ja då får ein velje seg eit anna yrke.

Men,

konsekvensen av at alle vel seg eit anna yrke, vil verte mykje meir alvorleg, enn ein kort streik med mange dispensasjonar.

Og,

dersom jobben til dei tilsette i kommune og stat, er så lite viktig, eller gjerast så dårleg, at dei ikkje fortener ei løn å leve av, kvifor klagar då så mange på at dei streikar? (Personleg synast eg at særleg dei ufaglærte og fagarbeidarane treng eit lønsløft).

At markedet bestemmer løna, er no ei sanning med modifikasjonar.

– I dei siste 10 åra har eg aldri vore på ein arbeidsplass der alle stillingane er fyllt opp.

– I barnehagar vert det gjeve dispensasjonar i hytt og pine, frå kravet om førskulelærar.

– Ein høyrar stadig vekk om mangel på sjukepleiarar, samt anna helsepersonell.

Men det går no rundt, på eit vis. For det er vanskeleg å måle kvalitet på omsorg. Det er vanskeleg å måle kva pasientane, barnehagebarna, tenestemottakarane osb. går glipp av på grunn av personalmangel. Med andre ord; kor forringa kvardagen og/eller framtidsprognosen deira vert.

Men, økonomi er no ein gong viktigare enn menneske….

Category: I media, Politikk  Tags: , ,  Comments off