Tag-Archive for » sommar 2009 «

Har ikkje fått gjort så mykje sidan eg kom heim frå Mallorca. Tenkte eg skulle ha ei oppsummering av turen (Som min far har mast på), men har ikkje hatt tid enno.  Har jobba litt og elles hatt besøk. Tykkjer forresten det var trist med bombeangrepet, og dei som omkom på Mallorca, det vart litt nært ettersom vi nettopp har vore der.

Så må eg sei at eg byrjar å verte lei av regn og kaldt ver. Var ikkje heilt klar for hausten enno. Men i dag ser det no ut som det har letta litt, det var faktisk litt sol og temperaturen var nesten på eit akseptabelt nivå.

i106903429_87648_2Ang. jobb så har eg lurt på kva som er verst: å få svineinfluensa eller å måtte jobbe med maks beordringar og underbemanning. Har kome fram til at det spelar inga rolle, eg vil mest sannsynleg oppleve begge delar. Håpar i det minste at eg får ein mild variant av influensaen :roll:

Elles så har eg hatt besøk av Monica m/familie i helga. Alltid koseleg, sjølv om det kan verte litt trongt med 3 vaksne og 2 ungar i leiligheita. Men så lenge dei trivast, så trivast eg og :) Dei kom rett frå Svalbard og hadde hatt ein kjempefin ferie der oppe.

DSC_0012-w800-h800

Roger på plass i sofaen.

DSC_0017-w800-h800

Martine

DSC_0016-w800-h800

Gulliver

DSC_0021-w800-h800

Monica i aksjon på kjøkkenet. Både ho og Roger er nokre fantastiske kokkar :) (sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut her)

Elles så er planen å reise opp til Florø seinare i kveld /natt. Må berre få sjekka ferjetidene først.

Category: Litt av kvart, Mine bilete:), Sommarblogg:)  Tags:  Comments off

kattSiste dag har vi brukt på å ligge på stranda og elles shoppe suvenir. Lurer på kor mykje overvekt eg får på flyet? I morgon drar vi ganske tidleg frå hotellet, så då vert det ikkje tid til så mykje.

Eg har endeleg funnet ut kor den fiskarlandsbyen eg ville sjå låg henne, men det vart litt for seint, så det får vere til ein annan gong.

Gleder meg litt til å kome heim, men eg høyrar at det berre regnar der, får håpe at veret snur når eg kjem tilbake. Eg har vore ganske heldig med veret i sommar. Trur eg berre har opplevd sol 8-)

Category: Sommarblogg:)  Tags: ,  Comments off
22
jul
2009

Gjekk ein liten tur  på leit etter ein fiskelandsby, men fann den ikkje. Men det var plenty av andre båtar :-?

DSC_0006-w800-h800

luksusyatchene ligg på rekke og rad

Og så var vi på Es Forti

DSC_0023-w800-h800

Es forti

Det var liksom ein utkikkspost, heilt grei utsikt.

DSC_0010-w800-h800

Trur det er Cala d'Or, men det kan og vere Cala Grand

DSC_0011-w800-h800

Fint landskap

DSC_0020-w800-h800

Så var det på tide å gå...

DSC_0028-w800-h800

Så fann vi ein "cala" som vi hadde nesten heilt for oss sjølv :)

DSC_0029-w800-h800

Ikkje badetøy? Ingen hindring :)

DSC_0030-w800-h800

Lillesøster koser seg :)

DSC_0047-w800-h800

Skal, skal ikkje?

DSC_0063-w800-h800

Skal, mange gongar :)

Då har vi berre ein dag igjen her på Mallorca. Det vert nok badestrand i morgon 8-)

Category: Mine bilete:), Sommarblogg:)  Tags: ,  Comments off

No har vi hatt to badedagar, og eg er framleis ikkje brun :cry: Men, men det er jo lenge igjen av sommaren enno :lol:

På søndag var vi på Platja es Trenc igjen. No var det ikkje så fint, det var verkeleg fullt av folk, og det var kome noko i vannet slik at det såg skittent ut. Men vi var der eit par timar og stekte oss fordet :)

På veg tilbake greidde eg å skrape bilen litt heilt bak, gjett om eg var glad for at eg hadde teikna ekstraforsikring slik at eg slepp å betale noko 8-) Eg skulle passere ein traktorliknande sak på ein svært smal veg. Bilen foran meg kom seg forbi, eg trudde eg skulle kome meg forbi, og at det berre var  buskar i vegkanten. Der var det visst ein stein og :oo ps:  Bilen bak kom seg ikkje forbi. Det er ein del svært smale vegar her på Mallorca, og eg synast det er utroleg at eg ikkje hadde skrapt noko før.

I går på sundag var vi på Alcudia og bada. Då vi var lei der bestemte vi oss for å dra vidare ut til Cap de Formentor som ligg heilt nord på øya. Det vart ein fantastisk tur, men eg trekk tilbake at dei berre har fine vegar her på Mallorca 8-O

DSC_0033-w800-h800

Litt trollstigen her og

 

DSC_0080-w800-h800

Slik såg vegkanten ut mange stadar, her var det ikkje så høgt ned, men det kan eg love at det var andre plassar. Einskilde strekke hadde autovernet seget ut.

DSC_0023-w800-h800

Trur aldri eg har vore så høgt oppe og sett loddrett ned, vanskeleg å ta bilete som verkeleg visar kor høgt opp vi er..

DSC_0024-w800-h800

Vi er høgt oppe

DSC_0025-w800-h800

Fin utsikt :)

DSC_0037-w800-h800

Lillesøster på veg oppover. Fin utsikt :)

DSC_0043-w800-h800

Her er det loddrett ned utan nokon sikring, turte ikkje å gå lenger ut på kanten eg: :(

DSC_0058-w800-h800

Men lillesøster tør :) Cap de Formentor i bakgrunnen. (den ytterste klippen)

DSC_0063-w800-h800

Lillesøster

DSC_0126-w800-h800

Her er vi ikkje fullt så høgt oppe. Ein fin liten "cala", der det låg nokre båtar

DSC_0131-w800-h800

Ein tunnell. Det stod fareskilt for steinras langs heile vegen, og det låg ein del stein i vegbanen her og der. Følte meg ikkje heilt trygg alltid. Legg merke til at det går ein trapp på utsida, angrer litt på at vi ikkje gjekk opp der, men det byrja å verte så seint på dagen.

DSC_0134-w800-h800

Same tunnell, litt større perspektiv.

katt-w800-h800

Dyrelivet på Cap de formentor :) Tror det var eit fuglereservat og, kattene heilt ute på Cap de Formentor såg no gode og velfødde ut ;)

DSC_0143-w800-h800

Det vart ganske seint før vi kom oss avgårde igjen. Vi trudde vi skulle få med oss ein solnedgong, men sola forsvann berre ned i ei sky :(

Eg hadde planlagt å ta litt bilete av dei smale gatene vi må køyre gjennom i landsbyane, samt nokre av dei typiske landevegane, men det vart for mørkt. På kveldstid er det imidlertid tydleg at spanjolane flyttar ut på gata. Det såg ut som ein familie hadde middagselskap utanfor sin leiligheit, men at det ikkje var plass nok på fortauget. Bordet var plassert på fortauget og rundt det satt familen, nokre av familien fekk plass i døra, nokre på fortauet og resten satt ut i gata. (hovudveg :))

Elles så stoppa vi på landevegen for å sjå på stjernene, det var heilt mørkt slik at vi såg t.d. melkevegen heilt tydeleg. Så høyrde vi noko som rasla i buskene og begge var snar inn i bilen, og lurte på kva for dyr som kunne befinne seg på Mallorca. Etter ei lita stund pilte det ei mus over vegen. Vi vart litt flau :mrgreen: Men det høyrdast mykje større ut…

I dag har vi hatt ein daffedag, vi trenger det og :)

Laurdag 18. Juli.DSC_0007-w800-h800

Nesten Trollstigen :)

I dag har vi vore på skikkeleg fjelltur (med bil). Vi køyrde først over eit fjell, for å ta eit turisttog frå Soller over eit anna. Vi fann ikkje toget, så vi bestemte oss for å køyre i staden.

DSC_0012-w800-h800

Lillesøster

DSC_0021-w800-h800

Ville fjell

DSC_0037-w800-h800

Ville fjell

DSC_0050-w800-h800

Desverre var det litt disig og overskya, så utsikta var ikkje så så god som den kunne ha vore alle plassar...

DSC_0059-w800-h800

Lillesøster høgt oppe :) På veg opp fann ho ut at dei fleste plantene hadde torner...

DSC_0074-w800-h800

Ein eller anna by... Puerto de Soller jamfør kommentar frå Randi :)

Elles så var vegane ganske fint utsmykka, autovernet var flott i forhold til det vi er vant med her i Noreg.

DSC_0089-w800-h800

To stk autovernstein

DSC_0095-w800-h800

Og så på rekke :)

DSC_0087-w800-h800

Og så ein tunnell, ikkje lett å hugse å slå på lysa kvar gong. Bilen våres heilt fremst

DSC_0094-w800-h800

Vakre vann i høgfjellet, men ingen som bada...

DSC_0101-w800-h800

Ein mur...

DSC_0102-w800-h800

same muren, men litt nærare. Vakkert utforma

DSC_0112-w800-h800

I ein del av fjellsidane var det bygd terrasser for dyrking av forskjellig

DSC_0120-w800-h800

Og steingjerder er det over alt på Mallorca, her oppe i fjellene.

Vi har som sagt hatt ein kjempeflott tur i dag, gjennom små fjellandsbyar og på kronglete vegar. Det Spanjolane ikkje er flink til, er  å lage til utkikkspostar/stoppested langs vegane. Eg såg eit par kjempefine motiv, men hadde ikkje moglegheit til å stoppe. Landsbyane oppover fjellet var og særeigne, men fekk ikkje tatt bilete av dei heller, synd.

Elles er det spanande å reise i innlandet på Mallorca. Her er det dei opprinneleg hadde levebrødet sitt. Kysten var for utsatt for plyndring av piratar, så all næringverksemd vart lagt til innlandet. Eg trur det var fruktdyrking og husdyrhold som var hovudnæringa før turismen satte inn. Elles verkar det som det er ekstremt mange flotte kyrkjer her, men eg har ikkje tatt bilete av dei heller. Det var så vanskeleg å bestemme seg for kva kyrkje eg skulle ta bilete av :roll:

Elles kom vi seint heim. I tillegg har lillesøster okkupert datamaskina dei siste timane, så no er kl. snart to, og det er på tide å legge seg.

I morgon vert det badedag :)

17
jul
2009

kattVi har vore litt utslått begge to, så i dag har vi berre vore på hotellet og slappa av. Eg er kjempesolbrent, så no har eg investert i solfaktor 50 for å sjå om det hjelper :lol: I morgon har vi tenkt oss på fjellvandring 8-)

Lillesøster held no på med bok nr. 4 om “Twilight”, og ho meiner at det kanskje kjem fleire bøker. Hjelp.

Category: Sommarblogg:)  Tags: ,  Comments off



16 juli 2009

Platja es Trenc

I dag tok vi bilen og køyrde til Platja es Trenc på sørvestkysten, ein liten plass som knapt nok var merka av på kartet. Der var ingen landsby, kun ei strand og nokre strandkafear/butikkar. Takk og pris at eg hadde lillesøster som kart / vegvisar :) Eg hadde eit lite håp om at der var få folk, ettersom man måtte ha bil for å kome dit, men den gong ei.  Likevel, ei kjempefin strand.



DSCN0803-w800-h800

Platja es Trenc. Husa vi ser i bakgrunnen er halvferdige og ubebodd



 



DSCN0817-w800-h800

Platja es Trenc



 

Igjen, så har eg berre lillekameraet mitt, sidan eg ikkje vil utsette det andre for alt for mykje sand, men det tar no litt ok bilete :)



DSCN0805-w800-h800

Es Trenc



Det var eit litt spøkelsesaktig sted, det stod mange halvferdige bygninger der som virka forlatt. Kunne minne litt om dei plassane eg besøkte i Alicante for ein del år tilbake. Der hadde dei byrja på ein del leiligheitskompleks og hoteller, før dei avslutta midt i bygginga fordi finansene ikkje var i orden. Det er synd visst det er det som har skjedd her, for plassen var nydeleg.



DSCN0810-w800-h800

sindrome Benidorm





DSCN0811-w800-h800

Vel, eg synast no det :)





DSCN0815-w800-h800

Veit ikkje heilt kva dette betyr, spansken min er ikkje heilt stødig





DSCN0818-w800-h800

Og eit siste bilete



Elles er det ganske fasinerande å køyre her nede. Det er flotte motorvegar, men alle vegar skal innom dei minste landsbyar, med svært tronge gater. Der er berre plass til ein bil i breidda på det smalaste, likevel er det altå ein hovudveg som bind øya saman. Skal sjå om eg får tatt noko bilete ein anna dag. Mange av landsbyane er ganske sjarmerande, ikkje mykje spor av turisme der nei.

Elles var vi og åt litt seinare enn vanleg. Eg trur lillesøster likte det, for det var rikeleg med underhalding i gatene. Det virkar som ho har trivst riktig godt i dag, til tross for at vi har greidd å verte skikkeleg solbrent igjen. Så i morgon skal vi sove lenge og etterpå dra på oppdagelsesferd med bilen 8-)



DSCN0799-w800-h800

Kjekt med tørkestativ på altanen etter ein badedag. Likevel, det virkar som ingenting tørkar her, korkje kle, hår eller hud?


Category: Mine bilete:), Sommarblogg:)  Tags: ,  Comments off