This slideshow requires JavaScript.
Jey, då har eg vore på Rundemanen. Målet var Rundemanen og Blåmanen i dag. Men ikkje visste eg korleis det skulle sjå ut der oppe, og ikkje var det merka (vegen til var merka), så eg var litt i tvil om eg var på dei riktige plassane. Det ser ut som eg har truffet med Rundemanen, men Blåmanen bomma eg på. Men eg kan ikkje ha vore så langt unna. Får sjå om eg finn den rette toppen neste veke.
Turen opp gjekk fint. Det var slakk oppoverbakke frå Fløyen, og ikkje tok det så lang tid heller. Knallsol og fint, og ettersom eg kom meg ut såpass tidleg, så slapp eg å gå i kø oppover. Eg hadde byfjella nesten for meg sjølv:)