Tag-Archive for » påske «

wp-1457881603884-1

Biletet er frå tidlegare tider :)

Påska er min absolutte favoritthøgtid. Det er mange helligdager der eg kan tene ekstra på jobb, favorittblomsten min påskeliljer er overalt, eg elsker marsipan og det går mot varmare tider. Kan det bli betre? Men i år ser det ut som eg må klare meg utan marsipanen? Butikken har et stunt der dei sel smågodt til 29 kroner kiloet. Det må jo vere bra? Vel, det fekk ein liten, men uventa biverknad for meg. Eg kan ikkje tenke meg noko meir uapetitteleg enn smågodt i lausvekt, samstundes så får eg meg ikkje til å kjøpe dyrare innpakka sjokolade når den andre er så billeg. Så står eg der då, utan snop i påska.
Uff, desse ilandsproblema, glad eg ikkje har andre?

Category: Litt av kvart  Tags: , , ,  Comments off

Av ein eller anna grunn, har eg fått heilt avsmak på ikkje økologisk kylling og egg. All kylling og egg som hamnar i mitt kjøleskap er no økologisk merka. Eg kan ikkje skryte på meg at eg er noko særleg miljømedviten eller miljøvenleg, så eg aner ikkje kvifor eg plutseleg ikkje greidde tanken på å ete vanleg kylling.  Eg er klar over at mennesket står øvst i næringskjeden. Men nok var nok. Eg synast ikkje noko om å ete dyr  som vert behandla som eit produkt. Dyr som lider i heile si levetid berre fordi det skal gje mest mogleg profitt for produsentane, og bli billegast mogleg for forbrukarane. Eg er klar over at det føreligg ein del kritikk overfor økologisk kylling, men tenker at alt er betre enn dei ordinære kyllingoppdretta.

Så litt hyggelegare lesing, om forskarar som har funnet ut at kyllinger kan telle. Morosam lesing i desse påsketider, og kanskje det kan hjelpe oss til å sjå på kyllinger som noko meir enn berre eit industriprodukt?

kylling

 


Category: I media, Litt av kvart  Tags: , , , ,  Comments off