Tag-Archive for » overvaking «

Biletet er henta frå “Dailyshite.com

Er det mogleg!!!??? Dagbladet m. fl. melder i dag at NAV har rett til å få utlevert mobil og datatrafikken din. Dei kan med andre ord få vite kva for sider du har besøkt på nettet, samt kven du har hatt kontakt med via mobil. Dette heilt utan å måtte oppgje noko som helst grunn. Politiet derimot, må søke om slik informasjon.

Dette må då verkeleg vere eit vektig argument mot datalagrings- direktivet. Sjølv om vi i dag har demokrati, respekt for menneske osb. så skjer dette????

Når regjeringa gjev løyve til eit slikt omfang av overvaking, så synar jo dette at vi bør lagre minst mogleg privat, digital informasjon. Det spelar ingen rolle om dette er gjort med viten og vilje, eller ved inkompetanse. Saka er alt for alvorleg.

I tillegg har NAV allereie prøvd å få ut denne informasjonen?! Eg tykkjer at dei burde ha forstått at dette var både etisk og rettsleg tvilsamt. Kvifor i alle dagar skal NAV ha rett på slike opplysningar? Kva tenkjer dei å bruke desse opplysningane til? Er dei kompetente nok til å behandle sensitive, private opplysningar korrekt??? Og er det riktig, at med ein gong nokon får ei yting frå NAV, så skal dei gje ifrå seg store delar av privatlivet?? Dette er jo opplysningar som absolutt kjem i same kategori som private brev, samtalar osb.

Ikkje nok med at dette er ein alvorleg krenking av privatlivet, men det synar og at lagra data fort kan hamne heilt andre stader enn det vanlege folk skulle tru.

Og så eit lite skrekkscenario, heldigvis ikkje særleg sannsynleg :-P

– skulle datalagringsdirektivet verte godkjent, så kan det få konsekvensar dersom vi t.d. skulle kome opp i ein situasjon, eller få eit samfunn der det er behov for ein motstandsbevegelse. (Ikkje det at eg trur at det skal verte realitet i næraste framtid). Ein vil jo då lett få oversikt over kven som kan vere aktuelle som medlemmar i ei slik røyrsle. Dersom data vert lagra i åresvis, er det lett å få kartlagt folk sine politiske standpunkt, kontaktar osb.

Og det er jo ikkje det at vi ikkje er overvaka frå før. Å bevege seg ubemerka rundt i dagens samfunn, kan vere ei utfordring med automatiske bomstasjonar, fotoboksar, mobiltelefonar, minibankar, personleg elektroniske busskort, videoovervaking osb. I tillegg så er det tale om å innføre “svarte boksar” med gps i bilar, såkalla ecall. Bør vi ikkje reagere snart??  Nei, skulle det verte aktuelt med ein motstandsbevegelse, då måtte vi nok tilbake til handleverte lappar, sykkel, ski og skauen %%- 3:-O

Ein kan nok sei at så lenge ein ikkje gjer noko gale, så gjer det ingenting å verte overvaka. Men i tillegg til at dette er krenking av privatlivet og at informasjon kan misbrukast, så vil eit samfunn alltid vere i forandring. Og vi kan ikkje rekne med at det i all framtid skal vere like “idyllisk” som i dag. Allereie no viser jo samfunnet vårt klare teikn på at vi vert mindre humane. Td. er det ikkje lov til å hjelpe folk som oppheld seg ulovleg her i landet. Og med dagens overvaking, og med ei regjering som ikkje tek privatlivet til folk på alvor, så kan dei faktisk kontrollere at ingen får følgje si overbevisning, og t.d. hjelpe folk i naud.

Samstundes så kan det sjå ut som at vi vert meir og meir påverka av USA. Og ingen kan vel påstå at dei, i kampen mot terrorisme, har noko utprega respekt for menneskerettar eller rettstryggleik.

Og når vi først snakkar om personvern, ta ein titt på IPLOSsystemet, er dette greitt??

 

Oppdatert 22. november 2010:

Ein treng visst ikkje å vere Navklient for at Nav skal kunne spionere på deg. Dei kan faktisk be om info om alle Noregs innbyggarar.

• Du treng ikkje å vere mistenkt for noko

• NAV treng ikkje å spørre nokon om lov

• NAV treng ingen skriftleg grunngjeving

Det er på det rene at loven gir adgang til å sjekke enhver person, sier statssekretær Gina Lund i Arbeidsdepartementet til Dagbladet.

Ifølge Lund var lovendringen ingen glipp. Hun mener lovens innhold bør ha vært kjent for stortingspolitikerne som vedtok den.

Og her er skrivet som Nav har sendt rundt: Nav rundskriv Avlytting, les særleg avsnittet om formkrav.

Det her går frå ille til verre…

Category: I media  Tags: , , ,  Comments off

Denne blogposten er nesten direkte kopiert frå Den Ukentlige. Men den var så morosam at eg berre måtte vidareformidle den.Den Ukentlige” har ein litt anna tekst :) Sjekk ut!

Nei, det var ikkje Kong Harald og den norske garde som stod bak spionasjen, det var:

kongo– Kanskje for å finne ein eigna plass til flyktningmottaka sine?

 

 

 

 

Sjekk og ut bloggposten “Tåler ikke FrP kritikk eller andre meninger enn deres egne?” der Frp har spora opp forfattaren av ein bloggpost og kontakta han. Forfattaren har ikkje liggande ute heile namnet sitt i forbindelse med bloggen eller domenet. I tillegg så har han hemmeleg nr. både på mobil og heimetelefonen sin.

Dette lovar ikkje bra. :oo ps:


Category: I media  Tags: , ,  Comments off