Tag-Archive for » nattevakt «

er bra for nattarbeidere, melder BT.

Ok, denne omlegginga av matvaner burde ikkje vere så vanskeleg :)

Category: I media  Tags: , ,  Comments off

nattVg melder at man kan bli smellfeit av nattmatUups, dette var ikkje noko godt nytt for meg som er nattevakt :roll: No har eg riktignok vore på nattvaktskurs og bl. a. lært korleis eg bør legge opp måltida i forhold til nattevaktene. Men det hjelper ikkje noko særleg.

Hovudmåltida bør jf. kurset framleis etast på dag, og kun svært lett mat skal etast på natt. Men det er fort gjort å slurve. Eg er ikkje alltid så svolten når eg står opp om kvelden. Og det held  ikkje med knekkebrød og frukt i løpet av ei nattvakt som varar i  11 timar, dersom ein ikkje har ete på førehand. Så eg synder ein del der.

Elles så var det nattevaktkurset noko merkelege greier. Det verka som dei som holdt kurset ville ha oss over på dagvakt så fort som mogleg. Dei fokuserte veldig på alle ulempa ved å jobbe natt. Vi (nattevakter) har visst svært dårlege framtidsutsiktar. natt smiley

– 8 av 10 nattevakter har problem med magen. (mogleg det var 7 av 10, hugsar ikkje heilt).

– Det er auka risiko for sømnvanskar. (Det verkar jo eigentleg ganske logisk).

– Det er auka risiko for ulike typar kreft.

– Depresjonar vert ofte forsterka.

– Det er auka risiko for hjarte og karsjukdommar.

– Osb, osb.

Det einaste positive var at ein måtta ha jobbe natt i 5 år før noko av det overståande ville gjere seg gjeldande. (Bortsett frå det med mageproblema),  så eg har no eit par år på meg enno før eg treng å skifte jobb. 8-)