Tag-Archive for » menneskesyn «

06
Jul
2010

…som om det er problemet her.

Iran sin ambassadør, Seyed Hossein Rezvani, synast det var utidig å verte kalla inn på teppet av UD.  Vidare så kallar han nordmenn for “uhøflige”, og er mest opptatt av det.

Dersom Iran sitt styre vil bruke umenneskelege straffemetodar, og dersom dei vil ha eit regime som undertrykker store deler av befolkninga, så må dei faktisk rekne med å få reaksjonar.

I tillegg så avviser han at Sakineh Mohammadie Ashtiani vil bli steina,

Dødsstraff ved steining har ikke forekommet i Iran på flere år, sier Rezvani til VG Nett.

Eg veit ikkje heilt om eg kan tru på han.

Mars 2009, mann steina til døde. I same artikkel, som er skrive i mai 2009, står det at minst 6 menneske har blitt steina til døde sidan 2007. 4 av desse henrettingane er blitt bekrefta av Iranske styresmakter.

Og så over til ei litt meir kjend sak frå 2007:

Til tross for massive protestar frå det internasjonale samfunnet, og til tross for at Iran “avskaffa” steining i 2002,  vart Jafar Keyiani steina for utroskap i 2007. Ikkje av vanlege landsbybebuarar, men av politi og sikkerhetsstyrkar.

Leiter du meir, så finn du sikkert fleire døme på steining i Iran. Eg personleg, orkar ikkje, det er rett og slett for grusamt.

Elles er det merkeleg kor nøye Iranske ambassadørar er med kutymer, mens menneskerettar, det er ei heilt anna sak?

Foto: Iran Human Rights

…. til benken sin i Italia.

Støttegruppa med Kåre Leif Hollevik i spissen la måndag fram dokumentasjon frå Italia, som skal bevise at far Fkadu og Simon (10) ikkje har fått hjelpa dei har krav på som flyktingar med opphaldsløyve i Italia.

I dag er det onsdag, og Simon og faren vart, utan forvarsel, henta av politiet, sendt til Oslo og skal transporterast ut av landet snarast.

Vi har enno ikkje handsama klagen sidan vi ikkje har motteke all informasjon som er varsla og omtalt i media. Vi har derfor ikkje nokon ytterlegare kommentar, seier Jon Arne Jensen, avdelingsdirektør i UNE.

Sjølv om eg ikkje heilt kan forstå motivet, så kan ein jo byrje og lure på om det er taktikk når UNE sender barn ut av landet før klagen er handsama. Trur dei at dei lettare vert kvitt “problemet” då?

Nei, dette er berre trist.

Du kan lese meir om Simon og faren i Firdaposten.

Og her er tidlegare bloggpostar som eg har skrive om Simon.

 

Oppdatert 23. april.

Avslag.

Bur i transittleir

UNE er framleis like umenneskelege, det kan ikkje vore lagt vekt på etikk eller empati i deira utdanning/ yrkesutøving. Kor vert det av barnet sine rettar?

….. no bur dei på ein benk i Italia.

Denne gongen er det 25 år gamle Fathia og hennar son på 6 år, som får gjennomgå.

Aftenposten skriver:

Etter fire år på flukt gjennom to kontinenter endte Fathia Omar opp i Bergen. Der fikk asylsøkeren behandling for fysiske og psykiske skader, blant annet etter brutale voldtekter. Men midt under behandlingen ble den nyopererte og traumatiserte kvinnen tvangutsendt og overlatt til seg selv i Genova i Italia.

– Jeg har fortsatt stingene etter operasjonen. Her er det ingen som vil se på dem, sa den somaliske 25-åringen da vi denne uken traff henne i den italienske byen.

E det mulig??? Kva slags menneske er det som kan få seg til å utvise ei kvinne med denne historia?

I tillegg så skjønar eg ikkje kvifor Noreg framleis sender asylsøkarar med barn til Italia. Og i tillegg påstår UDI at det er trygge forhold for dei der???? Er det slik barn skal vakse opp?

Lille Simon og faren, som eg har skrive om tidlegare her på bloggen, skal og verte sende tilbake til Italia. Dei hadde og berre ein parkbenk som bustad, og no må dei flytte tilbake til den. Ufatteleg trist.

Frå før har vi måtte betale erstatning til samane, til tatarane, til barneheimsbarn osb. Men eg er ikkje heilt sikker på om vi har lært så mykje av historia, vi er framleis ikkje noko særleg flink til å behandle ulike menneskegruppar bra. Og at barn og unge får gjennomgå synast eg er særleg grusamt.

Det er berre å sjå på dei 15 ungdommane som sit på eit asylmotak på Salhus. Dei får vere i landet til dei er 18, så er det på hovudet ut. Korleis skal dei få leve ungdomstida si, korleis skal dei få planlegge livet sitt. Kva gale har dei gjort som fortener noko slikt?

Demokratiet har ingen plass i islam, fordi islam forbyr menneskeskapte lover. Den eneste som kan komme med lover er Allah, sier Mohammad.

og

Mohammad forklarer at han støtter de islamistiske opprørerne al-Shabaab i Somalia som nylig steinet en mann (homofil) til døde.

VG

Wow??

Stakkars muslimar som må slite med slike folk.

 

 

 

 

 

………Men eg reknar med at Oslo sine Taxisjåførar tar affære, og organiserar ein streik, for å vise at dei vert støytt av slike ytringar :roll:

… men må dessverre i kyrkjeasyl. Får håpe at UD snart tar til vet, og sluttar å plage denne familien. Det burde ikkje ha vore lov til å sende nokon asylsøkarar til Italia, og særleg ikkje barn!



simon1

Foto. Dag Frøyen / Firdaposten



 

Vil du vite meir om Simon, sjå Firdaposten.

Elles så har eg tidlegare skrive om Vesle Simon her.

17
Nov
2009

legger ned. Dei greidde kanskje ikkje å konkurrere mot FRP :roll:

Category: I media  Tags:  Leave a Comment

Anna AnkaSjølv om Anna Anka har inngått ein (lukrativ?) kontrakt med ein 30 år eldre mann  der ho pliktar å alltid tilfredstille han seksuelt mot at han skaffer ho pengar,  så treng ho ikkje å framstille det som om det skal vere idealet til alle andre kvinner (eller menn).  (Puh, lang setning). Eg for min del tenker at det godt kan vere litt gjensidigheit både når det gjeld tilfredstillelse, økonomi mm. Men, men, folk er forskjellig :-)