Tag-Archive for » Magne Hovland «

I Firdaposten 4. mai kunne vi lese:

liker sørstrand 2Trykk på biletet for å gjere det større.

Berre for nokre få år sida var Sørstrand ein plass dei færraste i Florø hadde vore. Det var ein bortgøymt perle. Så fekk Magne Hovland ein ide om sandstrand, og om å opne opp området for fleire. Og sjå på det no. Staden er godt besøkt av folk i alle aldersgrupper, og har for mange blitt ein del av Florø si identitet. All ære til Magne og gjengen i Sørstrand Folkepark!

Rart kor store utslag ein liten ide kan ha for eit lokalsamfunn….

Sørstrand 2007 – 2013

Her er meir om Sørstrand

Category: Litt av kvart, Sørstrand  Tags: ,  Comments off
20
des
2009

Katten søv

har eit godt sovehjarte,

og dårleg samvet

er eit ukjend omgrep.

Mett og varm = nøgd

og høgare mål

sviv ikkje som djevelske demonar

i ein kattehjerne.

Katten søv

mett og varm = nøgd

Magne Hovland

Category: Dikt  Tags: ,  Comments off

Då var eg ferdig med ferien for i år, og alvoret har byrja igjen. Brukte dei siste feriedagane på ein liten tur til Florø, koseleg som alltid.

DSC_0032-w500-h500

Denne gongen traff eg ferga perfekt, dei var greie og opna bommen igjen for meg :)

DSC_0046-w500-h500

Eikefjorden, på veg til Florø. Motlys og kveld, ikkje så bra kombinasjon.

DSC_0045-w500-h500

Ikkje ein dag fortidleg!!! Men det byrjar å verte kjekt å køyre mellom Bergen og Florø no som Romarheien og er oppgradert.

DSC_0060-w500-h500

Eg spurte min far om han brukte det nye kjøkkenet sitt. Han sa ikkje eit ord, men gjekk igong med å bake kake, lage sjokoladepudding, sylte plommer samt steike brød. Er det det som kallast demonstrasjon? :)

DSC_0061-w500-h500

Litt av hagen. Ser finare ut i dagslys

DSC_0069-w500-h500

Min far håper på global oppvarming og ny strandlinje :)

Elles var det ein svært innbringande tur. Min onkel har nettopp flytta frå Trondheim til Florø, og i forbindelse med flyttelasset hadde han ein del fotoutstyr som han ville bli kvitt. Så no har eg fått fem nye linser til nikoen min samt eit nytt fotostativ. Kanskje på tide at eg lærar meg å ta skikkelege bilete? Eg har inga unnskuldning no.

Elles så flytta min mor til Bergen i dag. Ho har ikkje fått seg leiligheit endå, så førebels så skal ho bu hos meg . Skal bli spanande å sjå korleis det går. Vi satsar på at ho finn seg leiligheit snart. (Please).

Elles så har eg  ikkje fått sett så mykje film i det siste, så difor er det for tida dårleg med filmomtalar på bloggen. Først hadde eg ferie i 14 dagar, og ettersom eg ser mest film på jobb så har det rett og slett ikkje blitt noko filmtitting.  Då eg kom tilbake på jobb hadde det vore ein del omrokkeringar der, slik at eg har havna på team med ei som ikkje er noko interessert i film. Så no må eg sjølv finne fram til og laste ned film. Hjelp. Det vil nok ta eit par veker før eg får system på det, men eg lovar at eg skal kome sterkt tilbake :)


Category: Litt av kvart, Mine bilete:)  Tags: , , , ,  Comments off

 

Er det noko Florø har mangla, så er det ei skikkeleg sandstrand. No er moglegheiten her: oppfordrar alle Florøfolk  å gje eit bidrag til:

Sørstrand Familiebadestrand

kontonummer: 3705.15.87600

Sørstrand har i mange år vore ei skjult perle dei færraste i Florø har kjent til. Men det siste året har ivrige sjeler, med Magne Hovland i spissen, jobba med å opne opp området.  Dei har gjort gamle stiar tilgjengelege igjen ved å rydde i kratt og skog, og dei har opna opp att gamle utsynsplassar.  Dette i tillegg til Avinor sin beredskapsveg, gjer at folk i alle aldre kan gjere seg nytte av området. Grunna sikt og tryggleikssonane til flyplassen, måtte ein del av dei store trea fellast,  og som takk for arbeidet som dugnadsgjengen har gjort,  har avinor spandert benkar som er plassert på ulike utsynspostar.

Det som gjengen prøvar å få til no, er å lage ein sandstrand på Sørstrand. Dei har funnet eit eigna området. Fylkesbanken har spytta i kr. 50 000, men det manglar framleis kr. 40 000 for å få prosjektet heilt i hamn.

Eg tykkjer dette er eit flott tiltak som alle i Florø kan nytte seg av, eg håpar difor at mange nok støttar opp om prosjektet.

Vil du vite meir sjå nettutgåva til Firdaposten, eller papiravisa til Firdaposten 12. februar 2009.  Eller du kan gå inn på Origo si side, Sørstrand Familiebadestrand.

Oppdatert:

Sørstrand har no fått si eiga heimeside.

Adressa finner du her.