Tag-Archive for » kalorier «

05
feb
2014

Info er henta frå her og her

vekt1Kaloriforbrenning pr. døgn når ein ikkje er i aktivitet: Også kalla kvilestoffskiftet (BBE) finn du slik:

Kvinner: 

(vekt i kg x 42) + (høyde i cm x 26,3)- (20,7 x alder i år)-676,2. resultatet deles på 4,2

Menn: 

(vekt i kg x 42) +( høyde i cm x 26,3) – (20,7 x alder i år) + 21. resultatet deles på 4,2

Eller du kan bruke ein av dei mange kalkulatorane på nett, som t.d. denne.

Så kan du gange kvilestoffskiftet med det som tilsvarer din daglige aktivitet, også kalla PAL-verdier  (physical activity level) for å finne eit meir nøyaktig kaloribehov.

Dette er PAL-verdien din hvis du er…

  • Sengeliggande eller stillesittande: 1,1–1,2
  • Stillesittande arbeid med lite eller ingen aktivitet på fritiden: 1,3–1,5
  • Stillesittande arbeid med litt røyrsle, men lite aktivitet på fritida: 1,6–1,7
  • Roleg arbeid (ståande, gåande): 1,8–1,9
  • Svært hardt kroppsarbeid eller dagleg trening: 2,0–2,4

– PAL skal aukasts med 0,025 for kvar time med moderat aktivitet

– PAL skal aukast med 0,05 for kvar time med intensiv aktivitet (t.d.l løping)

I Norge har vi ein gjennomsnittlig PAL-verdi på 1,6–1,7. Målet er ein PAL-verdi på 1,8–1,9. Det er mulig å gjennomføre hvis man går 30 minutter om dagen.

Døme:

Dersom du (kvinne) veg 65 kg, er 170cm høg og 30 år vert kaloriforbrenninga di når du ikkje er i aktivitet slik:

[box]65x42=2730

2730+(170x26,3)-(20,7x30)-676.2= 5903,8

5903,8 /4,2=1406[/box]

Dersom du har roleg arbeid (ståande/ gåande) ganger du den summen du fekk med 1,8. 

[box] 1406×1,8=2530[/box]

 

Dagsbehovet ditt for kaloriar for å oppretthalde vekta vert då 2530

 

 

 

Category: Treningsdagbok  Tags: ,  Comments off

Har då gått til anskaffing av fitbit flex.

fitbitflex rosa

Edit 4 februar

Då har eg brukt fitbit flex i vel ei veke, og eg er kjempenøgd. Fitbit flex kan vel best beskrivast som ein litt avansert skrittmåler. I tillegg så registrerer den søvn, aktivitet o.l. samt at den kan brukast som ein vekkerklokke. (Som vekkerklokke funka den ikkje for murmeldyret meg  B-) )

Åleine er den nok ikkje så spanande, men når ein koplar den saman med andre apper, så vert den genial. Eg brukar den saman med MyFitnessPal og RunKeeper.

MyFitnessPal er eit kaloritelleprogram som er svært enkel og grei i bruk. Hittil har eg ikkje hatt problem med å finne norske varer. Kaloriprogrammet som følger med fitbit flex passer dårleg med norske varer og er nærast ubrukeleg i Noreg. Men så lenge MyFitnesPal synkroniserer heilt greitt med fitbit, så gjer det ikkje så mykje.

Det er mange apper som er kompatible med fitbit, men etter ei veke så har eg endt opp med RunKeeper og MyFitnessPal. Eg prøvde og ut MapMyWalk, og var vel eigentleg meir nøgd med den appen enn med RunKeeper, men den brukte for mykje av mobilbatteriet. Men kartene var betre.

Fordelen med RunKeeper (for meg) er at den rapporterer direkte til WordPress. (Eg likar å lage loggar/dagbøker :-P ).Den lager litt keisame rapporter, men det er jo berre å redigere etterpå. Og etter at eg fann ut at eg kunne eksportere karta som gpx, så er eg faktisk nøgd med karta i denne appen og. Og best av alt, den bruker lite batteri.

Så alt i alt er eg svært nøgd. Fitbit i kombinasjon med RunKeeper og MyFitnessPal har fått meg til å gå eit par ekstra km i løpet av denne veka, og gjort meg meir medviten på kva eg putter i meg av mat og drikke.

Category: Treningsdagbok  Tags: , , , , ,  Comments off