Tag-Archive for » jobbehelg «

20.09.2013 Buhu…, det er ikkje synd på sjukepleiere som jobbar kvar tredje helg, ALLE vi i handelsnæringa jobbar kvar andre helg. Dette vart gjentatt i det uendelege i dette kommentarfeltet. Eg vart hoppande glad, her var noko eg hadde gått glipp av, søndagsopne butikker. Eg var i Oslo då, og gleda meg til å kunne shoppe på ein søndag også…. Men kor var dei søndagsopne butikkene blitt av? :(

handelsstanden

07.10.2013. Buhu,… vi kan ikkje ha søndagsopne butikker, tenk på 0ss ansatte.. Halo!! No får dokke bestemme dokke. Dokke jobber jo allereide annakvar helg, kvifor ikkje jobbe ute i butikken då, i staden for å vere usynleg på søndagane?? Når dokke likevel jobbar, så kan dokke jo få inn litt inntekt og, og det er jo når dokke held butikken open.

Eller vent… meinte dokke at når dokke jobbar annakvar helg, berre jobbar laurdag? Korleis i svarte granskauen kan dokke samanlikne det med å jobbe ein full helg i helsevesenet? Ein helg består av både laurdag og søndag!! Om eg tar ein ekstravakt ein laurdag, så kaller eg ikkje det å jobbe helg.

Og ja, eg veit at mange butikker, bensinstasjoner og kiosker held open heile helga / døgnet. Men dei aller fleste butikker er faktisk stengt på søndager.

Category: I media  Tags: ,  Comments off