Tag-Archive for » internett «

28
des
2009

Tidene forandrar seg.

No er det visst slutt på å lese aviser eller bøker på do :)

Category: Litt av kvart  Tags: ,  Comments off

Leste i VG at eit  kontroversielt EU-forslag kan åpne for å selge adgang til Internett i begrensede pakker. Det vil sei at dersom forslaget går gjennom, kan nettleverandørar selge nettilgong i utvalde pakker, ala kabeltv i dag. Underhaldningsindustrien er ein av dei ivrigaste pådrivarane for å skape eit delt system for tilgong på nettet.  Du kan lese meir om direktiva her.

Eg har liten tru på at dette vert ein realitet, men på ei anna side har eg og vanskar med å fatte og begripe at det i heile tatt finnast nokon som  kan finne på å foreslå  noko slikt tull.  Så ein kan ikkje sjå bort frå at det kan skje. Det vil i så fall bety slutten på internett slik vi kjenner det i dag. 

Eg vil sei det så sterkt at forslaget er eit angrep mot ytringsfriheten og demokratiet. Det er friheten og åpenheten som har gjort internett til det det er i dag. Skal berre dei rike nyte godt av dette? Og kor lenge vil nettet bestå i dagens form dersom dette går igjennom? Kvifor skal andre bestemme kva eg skal søke på og kva eg skal lese om? (Kanalpakker med tilgong på utvalde nettstadar). Kvifor vil dei bestemme kva program eg skal få lov til å bruke?  

For meg virkar det som EU prøvar å kontrollere nettet på same måte som  t.d. Kina, berre at EU gjer det i kapitalismens ånd. 

Som eit gamalt ordtak seier:

Kunnskap til få er makt – kunnskap til mange er frihet!


Category: I media  Tags: , , , , ,  Comments off