… men må dessverre i kyrkjeasyl. Får håpe at UD snart tar til vet, og sluttar å plage denne familien. Det burde ikkje ha vore lov til å sende nokon asylsøkarar til Italia, og særleg ikkje barn!
Vil du vite meir om Simon, sjå Firdaposten.
Minoritetsmiljøa i Bergen går nå sammen for å gjøre Bergen tryggare.
Kjempebra tiltak:)
Ja, ja. No er det ikkje så mange som leser bloggen min. Men likevel, eg må berre anbefale dette blogginnlegget frå VirrVarr, om ikkje anna enn for å lage eit bokmerke til meg sjølv 😎 Ho skriver knallgodt om fremmedfrykt og det å kunne sjå på innvandrarar som einskildmenneske.
Eg vil og gje litt kudos til Aftenposten som ikkje gjer som Dagbladet og leiter med lys og lykter etter innlegg som skal auke framandfrykten. I ein artikkel som tok opp eit alvorleg problem i Osloskulane, kom det fram at også innvandrarforeldre flyttar borna sine til meir “kvite” skular. Sjølvsagt er det eit problem for skulane/elevane at dei vert meir segregerte, men det tenkjer eg er politikarane og ikkje elevane sitt ansvar å gjere noko med.
Det eg vil fram til er at Aftenposten synleggjere at innvandrarane også ønsker at borna skal verte godt intergrerte i samfunnet. Fleirtalet ynskjer faktisk ikkje å byggje parallelle samfunn slik som Dagbladet heile tida vil gje inntrykk av.
Andre bloggar eg tittar innom når eg treng litt motvekt til Dagbladjournalistikken er Unfiltered perception og Frp-koden.
Andre lenkjer: Minerva: hva mener egentlig innvandrerene? Tv2 gallup: muslimske meninger (2006).