Tag-Archive for » fly «

Og ikkje kan ein kaste seg på første buss heller, sidan det er overhengande fare for buss og godsbilstreik frå i dag.

(NSB snakkar vi ikkje om)

Ikkje så bra tima kanskje, eller vent….

Transportselskapet Gran Taraldrud blir tatt ut første runde. De leverer blant annet flybensin fra Mongstad til Flesland.

– Jeg vet ikke hvordan oljeselskapene skal få levert så mye flybensin hvis Gran Taraldrud streiker, sier Dyngeland.

Lurer på om flybussen er tatt ut i streik også?

Category: I media  Tags: , ,  Comments off

Firdaposten melder at DAT passasjerar vart forlatt på Gardemoen, etter at det var tåke på flyplassen i Florø.

Vel, no er det ikkje noko nytt at DAT kansellerer sine avgongar på grunn av veret i Florø. Min far slutta å bruke DAT etter at han tre gonger på rad opplevde at flyet ikkje landa i Florø. Første gong, så var det ingen tilbod, andre gong vart det satt inn minibuss (terrortur med ein svært berusa medpassasjer)  og tredje gong gjekk flyet faktisk opp til Florø. Dei var så nære at han såg huset sitt frå lufta, før det vart bestemt at flyet skulle returnere til Bergen. Etter det så har han brukt båt, bil eller buss, då kjem han i det minste fram same døgnet.

Det som er så rart, er at det av og til verkar som at det er berre DAT som opplever dårleg ver i Florø. Kan det vere ein måte å spare pengar på :roll: Det kunne ha vore artig og sett ein statistikk på kor ofte DAT kansellerer i forhold til kva Coast Air og Widerøe gjorde når dei hadde ruta.

Category: I media  Tags: ,  Comments off
14
mar
2010

….røykarane vi skulle til livs. Så har det vore masse diskusjon rundt sjukemelding og uføretrygd.

No er det dei overvektige som står for tur.….. kva vert det neste.

Er vi på veg til eit samfunn der lyter ikkje får eksistere? Eit sorteringssamfunn? Har berre dei menneska som er friske og som “ikkje påfører seg sjølv skadar” livets rett (rett til forsikring, operasjon, jobb, sjukepengar, flyturar osb)?

(No må det nemnast for folk utanfor Florø, at ein ikkje alltid kan ta korkje Firdaposten eller Stenbakk seriøst :roll: )

Category: I media  Tags: , ,  Comments off
05
okt
2009

2 pilotar byrja å slåst i lufta med 106 passasjerar som tilskodarar. Hmm, kan vere greit med litt underhaldning på lange flyturar, men trur eg føretrekk ein video eller ei god bok :oo ps:

Category: I media  Tags:  Comments off