Tag-Archive for » Fanafjellet «

10
feb
2012

Då er det berre sju vakter igjen før eg er ferdig på Fanafjellet. Eg må sei eg gler meg til å sleppe Fanafjellsvegen på vinterstid. Og det skal bli deilig å kunne ta buss til jobb, og sleppe å køyre stuptrøytt om morgonen.

Men andre ting kjem eg nok til å savne, folka der oppe sjølvsagt, og dyrelivet. Kanskje ikkje akkurat denne krabaten her, men elles har eg observert både mår, rev, hoggorm, mengder av hjort og frosker, og moglegvis ein hare. Men dei er ikkje så flinke til å stille opp til fotografering :-P Og ettersom det som regel er mørkt når eg forsøker å fotografere dyrelivet her oppe, så må eg ganske tett opp til for at autofokusen på kameraet skal virke ~:> Så eg har ganske mange bilete av bar asfalt, der det stod eit dyr like før, og av diffuse skygger som det umogeleg å sjå kva er for noko.

Men her er ein liten kar som ikkje heilt hadde skjønt at menneske skal ein vere redde for.

Her var det noko godt

.

Hmm, er det noko som skjer, kvifor vart det så lyst?

.

Nei, sikkert ingenting å bry seg om

.

Tilbake til arbeidet

.

På tide å gå heim no

.

.

He, he. Då har eg omsider fått oppdatert bloggen min B-)

Skal prøve å bli litt meir aktiv igjen.

Category: Mine bilete:)  Tags: ,  Comments off

…. så får vi håpe at det kjem inn litt penger :)

Men noko særleg energi til å blogge, det har eg ikkje for tida.

God morgon, frå Fanafjellet…

Her er det framleis nattefrost…

Men det er heldigvis ikkje så gale som for to veker sidan…

(Det er omtrent like kaldt inne, etter at nokon fann ut at dei skulle senke temperaturen på natt :-? . (Utfrysing av nattevakter?))

Eller for ei veke sida… (biletet er tatt i Vestre)

Kollega Truls jobber hardt :)

Og så har vi eit uklart bilete av ein liten ein som ville på besøk i går tidleg.

Det er eit rikt dyreliv her oppe på Fanafjellet, med både hjort, rev, frosk, mus, hoggorm, noko mår/røyskattliknande greie, samt at eg trur faktisk eg såg ein hare her oppe og. Men den forsvann så fort at eg ikkje var heilt sikker.

Category: Mine bilete:)  Tags: ,  Comments off

No er vi kome til 11. mars. Likevel greier ikkje vinteren heilt å sleppe taket. Eg har tydelegvis greidd å få meg arbeidsplass på det verste vinterstedet i Bergen, Fanafjellet. Her i Loddefjord er det ca 6 +grader, men i avisa leser eg stadig at det advarast mot svært glatte veger. Og som alltid er det Fanafjellet dei drar fram http://www.ba.no/nyheter/article4184669.ece.  http://www.bt.no/trafikk/article808603.ece  . Nei, no vil eg ha sommer!!!!

 


Category: Litt av kvart  Tags: ,  Comments off