Tag-Archive for » facebook «

Vel, kanskje ikkje facebook killer

… men er du lei av å heile tida sjå namnet ditt under diverse artiklar (kommentarfeltet) når du surfer på nettet. Og vil du sikre at facebook ikkje får info over kva for sider du er innom. Så kan dette vere programmet for deg.

Facebook vert varsla kvar gong du vitjar ein av dei mange sidene som brukar “Facebook Connect“. Og sidan Facebook tidlegare har vist at dei ikkje set personvernet i høgsetet, men gjev ut personlege opplysningar til tredjepart, så er det kanskje grunn til å vere litt skeptisk :roll:

Du må bruke Chrome for at det skal virke, (men ettersom Chrome er den desidert beste nettlesaren, så burde ikkje det vere eit problem :-bd )

Les meir om programmet hos TechCrunch.

Category: tips  Tags: , , , , ,  Comments off

I nokre yrke burde det vore facebookforbod :roll: For innbruddstjuvar t.d. Sjekk her

Oppdatert 14. oktober.

For ikkje å snakke om luringen som var på rømmen, og oppdaterte hyppig på facebooksida si :lol:

Category: I media  Tags:  Comments off

Har brukt Facebook i eit par år no, og er svært nøgd med det. Derfor vert eg litt frustrert når eg les i media at Facebook er berre for å vise seg fram, for å snoke osb. Og at Facebook berre er for wannabe fjortiser.

Facebook refuses to fix obvious security flawMi erfaring er at eg har fått kontakt med gamle venar som eg ikkje har snakka med på kanskje 10 – 15 år. Sånn er det når ein kjem frå ein liten plass der dei fleste flyttar ut, ein mistar kontakten. Facebook har og gjeve meg moglegheit til å halde kontakten med andre som eg har møtt gjennom skule og jobb, og som ellers ville ha forsvunnet ut av livet mitt p.gr.a. ein hektisk kvardag. Msn og Skype er jo og alternativer, men eg må innrømme at eg synast at chatting berre er anmasande og irriterande. Då har eg meir sans for Facebook der ein kan svare på henvendelser når det passar.  Eg tenker at jo eldre ein er, jo meir aktuelt vert nettsamfunn som facebook o.l. Bl. a. visar det seg at den gruppen som veks raskast på Facebook er kvinner på 55 år+. Men sjølvsagt detter det og inn mange “venar” på vennelista som eg aldri vil ta kontakt med. Eg synast det er uhøfleg å avvise nokon som eg veit kven er.

Ser at lenkene over  ikkje er heilt relevante, men eg orka ikkje å leite etter skikkelege henvisningar.

Twitter, derimot, har eg enno ikkje fått heilt grepet på. Det var så mykje skriveriar om det at eg tenkte eg måtte teste det ut; men eg har enno ikkje skjønt det. Det som er sikkert er at det er effektivt i marknadsføring. Eg har allereide fått “followere” som kun følger meg for at eg skal trykke på heimesida deira, og slik kome inn på reklamesider. Men eg har no lagt twitter til på sida her, og i verste fall kan eg jo bruke det som statusoppdatering ala Facebook.

Når det gjeld blogging er det litt meir varierande motiv, her er det vel meir det og vise seg fram . Eg ynskje jo sjølvsagt at fleire skal lese bloggen min, og gå inn på sidene mine.  Vel, kanskje ikkje førebels, sidan sidene framleis er under oppbygging.

blogging.jpgMen av og til vil det jo dukke opp saker der eg ynskje at andre skal høyre/lese mi meining. Så her er det jo snakk om å eksponere seg sjølv. Samstundes er motivet mitt for å skrive blogg rett og slett og verte flinkare til å uttrykke meg skriftleg, samt at eg likar å skrive.  Eg har heller ingen tru på at det eg skriver skal fenge dei store massane, difor kjem eg aldri til å linke meg til aviser  gjennom dei tenestene som t.d. Dagblader og Vg har.  Eg reklamerer heller ikkje for heimesida mi anna enn på dei andre nettsteda eg ferdast (facebook og twitter), og til venar og familie.

Tja, det var dagens forsvarstale for narsissisme og ekshibisjonisme  ;)

Category: Litt av kvart  Tags: , , ,  Comments off