Det er iskaldt ute, og ettersom eg ikkje har nokre omnar i leiligheita , bortsett frå radiatoren i stova, så må eg berre innsjå at det vert kaldt inne og. Difor vart vegen kort til sofaen og pleddet… og tv`n i dag tidleg. Etter å ha jobba nattevakt i ei stund, så har eg vore skikkeleg metta av film og tv det siste året. Så no er det er heller sjeldan eg ser på tv både heime og på jobb. Men i dag var eit unntak, og det er eg glad for. Canal+ viste nemlig heile første sesong ut av “Girls“, og eg må sei eg likte den serien.
Så då vart det 10 episodar på rappen. Og tida gjekk fort, berre det talar jo til serien sin fordel.
Girls har det same plottet som mange andre jenteseriar har: Unge menneske som vingler seg fram i tilværa i eit forsøk på å finne ut av kva og korleis dei skal vere som vaksen. Men humoren er så mykje mørkare her, og forfattaren er verkeleg ikkje snill med karakterane, så ingen av jentene står fram som nokre førebilete for publikum, noko som er befriande. Kanskje det er difor det kjennast ut som denne serien er mykje meir intelligent skrive enn t.d. Sex and the City og Friends?
Serien byrjar med at foreldra til hovudpersonen Hannah kuttar all økonomisk støtte til dottera, og det over natta. Dei har forsørga ho i to år etter endt utdanning, og meiner at det får halde. Hannah er sjølvsagt svært ueinig i dette og finner det djupt urettvis. Alle vennene vert jo forsørga av familien. Ho meiner at foreldra bør forsørge ho i to år til, slik at ho får skrive ferdig boka som ho held på med.
For som ho seier:
“I think that I may be the voice of my generation,” … “Or at least a voice. Of a generation.”
Og med dette er karakteren til Hannah satt.
I tillegg til jentene sine meir eller mindre navlebeskuande liv og problem, tek serien og opp større samfunnsmessige trender og problem, Hannah er t.d. godt utdanna, men får likevel berre ei ulønna praksisplass, noko som visstnok byrjar å bli vanleg i USA. Jentene, og då især Hannah har kanskje overdreven stor tro på seg sjølv og forventning til kva livet skal bringe, utan heilt å ha dei eigenskapane som trengs for å oppfylle draumen. Og det kan jo fort gå gale.
Det skal bli spanande å sjå korleis det går med dei i sesong 2.



























